Sjokoladekake med squash

 

Squash har eg masse av i drivhuset mitt og kva skal eg bruke det til da?🤷‍♀️eg tenkte då at det må vel gå ant å ha det i kake. Så då får eg prøva å lage ei oppskrift til dette då😂😂

  • 5 dl Squash
  • 2 dl Olje
  • 3 egg og 3 eggehviter
  • 2 ts vaniljesukker
  • 3 dl brunt strøsukker
  • 2 dl Kakao
  • 4 dl kveitemjøl
  • 1,5 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt til å strø på Squahen
  • 2,5 dl sjokoldeknapper(mørk sjokolade)
  • Veske frå squashen i tilleg brukte eg ca 1 dl vatn

Sett ovnen på 180 grader

Gjer klart ei lita form, kle den med bakepapir(22*27 cm)

Rasp squash og legg dei i ein sil over ei skål. Mål opp før du begynner denne prosessen med å presse ut veske. Strø over salt slik at den slepper vatnet. Knepp slik at du får ut all veske.

Bland alt det tørre i ei bolle. Pass på at alt er godt blanda.

Bland inn olje, egg og vatnet frå squashen i det tørre. Deigen skal være fast men skinnende.

Bland til slutt inn sjokoladen og squahen.

Dersom den er veldig tørr ha i litt vatn.

Fordel i ei form og steik i 25-30 min til toppen sprikker litt opp.

Når kaka er steikt strø over sjokoladeknapper som smelter fordi kaka er varm. Bruk ca to dl sjokoladeknapper. Kjøl kaka heilt før du har på kremen

Krem

  • 3 dl gryr matfløyel eller vanlig fløyte
  • 400 gr lys sjokolade eg brukte freia melkesjokolade
  • 3 eggeplommer

Smelt sjokoladen i gryr og kjøl den ned. Når det er blitt lunket tar du i salt og eggeplommer.

Sett det i kjøleskapet. Når det er  heilt avkjølt visper du til ein luftig krem.

Spre kremen over kaka og lag mønster om du vil. Du kan òg ha det i ein sprøytepose om du vil det då blir det litt meir fancy😂👍

Då er det berre å nyte ei deilig kake til kaffien.☕️☕️☕️☕️🥮

0 kommentarer

Siste innlegg