Smaksatt sukker

 

Smaksatt sukker har eg aldri laget før så det får eg sikkert til😂Eg hadde masse mynte og oxsalis i kjøkkenhagen som eg vil bruke til noko. Så då var det berre å prøve seg fram.

  • 1,5 l mynte
  • 1/2 oxalis(syre)
  • 5 dl Sukker, her kan du bruke vanlig sukker eller alternativt sukker

Tok av bladene på myntebusken og på oxslisen.

Kjørte dei i foodprosessor saman med sukker.

Fordelte massen på eit steikebrett og tørka det i ovnen på 50 gr i 8 timer( på min ovn er det eit program som heiter tørking, eg brukte det).

Det ser ikkje tørt ut. La det stå over natta, då stivner det. Kjør det i foodprosessor nokre sekunder. Ha det på eit tett glass, det ligner litt på brunt sukker i konsistens litt sånn kladdete. Du kan oppbevare i kjøleskap og om det er stivt når du skal bruke det så ta litt i morteren og knus det👍

Dette kan brukes som pynt på kaker eller smaksette teen din med.

Eg har og tenkt å prøve dette i kaker så får me sjå korleis dette blir🥰

0 kommentarer

Siste innlegg