Sofies marsipankake

 

Sofies  marsipankake i langpanne. Me er på besøk i Søgne og då me jo bake litt. Eg og Sofie har laget i fellesskap 🤩💕Her fylte me kaka og skar av ei liten blokk som me pynta. Resten vart fryst ferdigfylt så da er det berre å ha på marsipan og pynt når den når en ønsker💕dersom du vil ha kaka i rund form så halverer du oppskrifta og steiker i 24 form

  • 10 egg
  • 200 gr sukker
  • 300 gr mjøl
  • 2 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggedosis. Sikt inn mjøl og bakepulver. Vend forsiktig inn i røra til alt er blanda.

Bruk ei langpanne 30*40 cm

Sett nederst i ovnen på 160 grader i 40 min.

La sukkerbrødet bli kaldt før du pynter. Eg opna døra og lot kaka avkjøle i ovnen.

Fyll

  • 8 dl Fløyte
  • 4 ss melis
  • 1-2 dl melk til dynking
  • Bringebærsyltetøy 2-3 ss på kvart lag
  • 200 gr frosne bringebær/knus desse i

Makronfyll

  • 300 gr malte mandler
  • 150-200 gr melis
  • 2 eggekviter
  • 2-4 ss vatn

Bland sammen og ha dette på eit av laga i kaka.

Del kaka i 4. Da får du 3 lag i kaka.

Dynk laga med melk.

Første laget har du på syltetøy, fløyte og knuste bær.

Det andre laget har du makronfyll på, strø over knuste bringebær.

Tredje laget. Begynn med syltetøy ha på fløyte og strø på knuste bær. Legg på lokket, ha syltetøy på dette(syltetøyet ned)

Pynt

  • 3 dl flyte
  • Marsipan
  • Bær
  • Lag litt royal icing til å pynte med

Visp fløyte og ha utenpå kaka. Bak ut marsipan tynt og ha på kaka. Pynt med bær og marsipanrose. Rosene var kjøpt ferdig men du kan lage de sjølv.

0 kommentarer

Siste innlegg