Softis i snøen

Softis i snøen. Dette er ein flott aktivitet sammen med barna når ein er ute på skitur i det flotte vinterværet. I dag brukte eg melkefri fløyte då det var det eg hadde. Du bruker den fløyten du har i hus. Her har eg tatt utgangspunkt i Tine si oppskrift, men tilpassa til slik eg ynskjer. Har og tatt med meg tipset fra mat fra bunnen om å bruke stor boks i stedet for stor pose.

Denne oppskrifta er til ca to porsjoner

Ha dette i ein stor pose eller plastboks

  • 4 l snø
  • 10 ss grovt salt

Ha dette i ein liten pose

  • 3 dl raps kokos( melkefri fløyte)
  • 3 ss melis
  • 1 ss vaniljesukker

Topping

Her er det berre fantasien som stopper deg.

Tips fra meg er

  • Daim sjokolade
  • Non stop
  • Firkløver med salt og appelsin
  • Kakestrø
  • Oboy

Fremgangsmåte

  1. ha snø og salt i ein stor pose, eg brukte ein gjennomsiktig bossposer
  2. Hell fløyte, melis og vaniljesukker i ein liten pose. Blås inn luft slik at halvparten består av luft, knyt godt igjen.
  3. Ha posen med fløyte i posen med med snø og salt. Knyt godt igjen og pass på å knyte fast posen med fløyte.
  4. Så er det bare å sette igong å riste blandingen. Du må riste heilt til du har fått softis, ca 10 min 🥰
  5. Klypp hull i posen med is og fordel i glass/skåler/kopp og nyt deilig is med den toppinga du liker.

 

0 kommentarer

Siste innlegg