Søndagskylling

 


Søndagskylling! På 80 og 90 tallet vart det selt noko dei kalla for fredags og laurdagskylling. Her prøver eg å gjenskape denne, men trur han blir enda betre😂😂😂😂

  • 1-2 kyllinglår pr person
  • 2 ts koriander eg brukte tørka
  • 1 ts cummin
  • 2 ts hindu kylling krydder
  • 2 ts salt
  • 2/2 ts pepper
  • 2 ts røkt paprikapulver
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 1/2 sitron safta
  • 5 ss olje

Bland saman krydder og ha i olje og sitron.

Legg kyllinglår i ei skål og ha på marinaden. Den bør stå minst 4 timer. Du kan lett marine dagen før å sette i kjøleskapet.

Ha kyllingen i ei ildfast form

Steik på 180 grader i ca 45 min.

Tilbehør:

  • 1 kinesisk kvitløk, knust i morter
  • 1/2 gul Løk
  • 1/2 rød løk
  • 1 tomat
  • 2 Gulrot

Finkutt alle ingrediensene og steik i ei form i ovnen.

Når kyllingen er ferdig blander du inn kraften i løkblandingen.

Server med ris eller pomfri og drøm deg tilbake til 80 talet.

0 kommentarer

Siste innlegg