Grov surdeigstarter

har lenge tenkt på å laga surdeigsbrød, men så var det den starteren då😂😂 eg er admis i ei matgruppe og det starta me prosjektet surdeig ilag. Så saman med to flotte damer laga me starter. Legger ut brødet litt seinere i dag eller i morgon🤩🤩

Dag 1

  • 75 gr sikta rug
  • 25 gr kveitemjøl
  • 1 ss salt
  • 2 dl lunka vatn

Dag 2.

Mat med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vann.

Dag 3

Mat med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn

Dag 4

Lite bobler mata med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld

Dag 5

Lite bobler mata med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld. Her holdt eg på å gi opp, men fortvil ikkje berre fortsett å mate.

Dag 6

Delte stareren i to, den var veldig stor blitt. Mata kvar del med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld. Mest bobler i eine glasset

Dag 7

Då hadde starteren vokst ut av glasset. Tok ein liten del av kvart glass og hadde dei oppi nye glass.

Mata kvar del med 50 gr sikta kveitemjøl(var tom for rug)og 1 dl vatn morgon og kveld. Mest bobler i eine glasset

Dag 8

Ta vekk mesteparten

mata med 50 gr kveitemjøl og 1 dl vatn på morgonen. På ettermiddagen tok eg bort halvparten av det som var i glasset og mata med 50 gr sammalt fin rug og 1 dl vatn.

Dag 9

Ta vekk mesteparten

Mata med 50 gr sammalt rug finmalt og 1 dl vatn  på morgonen. På kvelden tok eg bort mesteparten og mata på nytt

Dag 10

Tok vekk nesten alt før eg mata

Mata med 50 gr samalt rug finmalt og 1 dl vatn på morgonen. Tok flytetesten kl 14 og då fløt deigen. Satte starteren i kjøleskapet og den er klar til bruk.

Mat starteren din 1 gong i veka med 50 gr mjøl og 1 dl vatn

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkår for bruk er gjeldende.

Siste innlegg