SURSILD er ein av dei påleggene som eg berre må lage til jul. Eg bruker spekesild i mi oppskrift, men du kan og bruke kryddersild om du ønsker det. Eg smaker alltid litt på silda for å kjenne om eg må vatne den ut først. Eg liker masse løk i mi sursild.
- 250 gr spekesild i biter
- 4 løk i skiver
Lake:
- 2 dl eddik 7%
- 4 dl vatn
- 3 dl sukker
- 1 ss sennepsfrø
- 2 laurbærblad
- 1 ss hel nellik
- 1 ss sort pepper heil
- (1 pk sursildkrydder) om du ikkje vil blande sammen sjølv
Varm opp laken og ha i krydderet. Avkjøl før du slår over sild og løk. Må stå eit døgn i kjøleskapet før det er ferdig til å nytes.
0 kommentarer