Svineribbe med tilbehør
Det er ikkje så ofte eg lager svineribbe, men når det er nyttårsfeiring med vennegjengen så blir det både svineribbe og pinnekjøtt. Som den gode vertinna eg er så tok eg kun bilde av svoren dom vart heilt perfekt😇
Skulle ta bilde av resten når eg hadde fått dandert middagen, men det glemte eg. Det var nøgde gjester som åt godt. Svoren var sprø og kjøttet vart utrulig saftig og med god saus vart dette perfekt. Legger ut dette sjølv om det berre er et svorbilde som følger oppskrifta på mi ribbe🥰
- 4 kg svineribbe
- Salt og pepper
- Gulrøtter 1-2 PR person
- Poteter 3 PR person
- 1 Løk
- Surkål
- Rødkål
- Brun saus
Gni inn ribba med salt og pepper og sett kaldt. Dette kan du gjere to dager før den skal steikes.
Finn fram ei form og legg ribba med svoren ned. Ha på vatn så det dekker svoren. Dekk forma med folie.
Sett ovnen på 180 grader og damp 1 time.
Ta ut forma og snu ribba med svoren opp. Legg den på rist. Fyll på forma med vatn og ha i ein-to løk to gulrøtter og litt purreløk. Sett ovnen på 70 grader og sett forma inn igjen i ovnen. 7-10 timer. Skru opp til 225 på slutten slik at di får sprø svor.
Server med surkål/rødkål og kokte poteter og gulrøtter.
Brun saus her bruker eg krafta fra steikinga av ribba og fremgangsmåte finner du i linken her
https://lailasmat.blogg.no/brun-saus.html
surkål
https://lailasmat.blogg.no/surkal.html