Urtebrød med surdeig

 

Sakte baking igjen, dette er kjekt 💝 i dag lager eg eit lyst urtebrød som vart tilbehør til grillmaten. Serverte med deilig ramsløkpesto. Eg brukte ein grov starter så brødet vart ikkje heilt lyst.

FORDEIG

  • 100 gr surdeigstarter
  • 100 gr vatn
  • 100 gr fint mjøl
  • bland sammen og la det stå 4 timer på benken

HOVUDDEIG

  • 375 gr vatn
  • 500-600 gr fint mjøl
  • 1 ts salt
  • 3 dl oppkuttet ferske urter. Eg brukte ein blanding av: bladpersille, timian, oregano og

  • bland inn vatn i fordeigen tilsett mjølet litt etter litt.mjøl La det stå på benken i 1 time
  • Bland inn 1 ts salt og urter i deigen
  • La stå på benken 30 min. Strekk og brett deigen. Gjenta dette kvar 30 min 3-5 ganger til deigen er smidig
  • Forming. Ha deigen på på benken(strø mel på benken først) form deigen i ein sirkel der du stapper deigen under, gjer dette heile veien rundt. Skjøten blir altså ned. La deigen kvile på benken 25 min.
  • Forming: brett deigen inn mot midten heile vegen rundt. Ha i hevekurv med skjøten opp.
  • Hev ein time på benken
  • Sett til kaldheving i kjøleskapet 12-24 timer. Ha godt med mjøl i hevebolla/korga
  • Ta ut deigen fra kjøleskapet når du setter på ovnen
  • Sett ovnen på maks temperatur og sett inn ei støpejernsgryte. Det tar ca  2 timer før gryta er varm nok.
  • Ha litt mjøl på toppen. Kvelv deigen over på ein steikespade/pizzaspade. Snitt brødet.
  • Ta ut gryta og ha deigen oppi
  • Steik på 240 grader i 20 min med lokk
  • Steik på 230 grader i 20 min uten lokk

0 kommentarer

Siste innlegg