Valnøttrundstykker/briks

 

Valnøttbrød eller rundstykker/briks som eg har laget det som. Eg har gjort om oppskrifta som eg fekk. I den opprinnelege er det kulturmjølk, eg brukte skumma sur melk. Sirupen bytta eg ut med fibersirup.

Ingredienser

  • 5 dl skumma sur melk
  • 5 dl vatn
  • 1 pk tørrgjær eller 50 gr fersk
  • 2 ts salt
  • 1 ss fibersirup eller vanlig sirup
  • 100 gr samalt rug, grov
  • 100 gr samalt rug, fin
  • 100 gr samalt kveite, fin
  • Ca 1/2 kg kveitemjøl, eg måtte bruke litt meir før deigen slapp bolla
  • 200 gr valnøttkjerner

Framgongsmåte

  1. bland melk og vatn, varm til du får ei lunken veske. Ha i sirup og gjær gjæren først. La det svelle 5 min. Bland inn det tørre. Elt godt i 10 min. Deigen skal slippe bollen. Eg brukte kjøkkenmaskin. La deigen heve på ein lun plass til dobbel størrelse.
  2. Grovhakk valnøttene og arbeid dei inn i deigen.
  3. Fordel deigen på bakebrettet og skjær opp passelige firkanter.  Eg brukte pizzahjul, enkelt og greit. Det er stort sett berre eg som et brød hos, då kan eg ta opp nokre rundstykker kvar kveld og då har eg dagens dose med brødmat🥰🥰🥰Eller du kan dele deigen i to og forme to runde brød. Etterhev i ca 30 min.
  4. Sett ovnen på 200 grader over og undervarme eller 180 grader varmluft
  5. Pensle med egg og steik på nederste rille i ca 35 min
  6. Avkjøl på rist

0 kommentarer

Siste innlegg