Søndag og tid for å planlegge middagsmeny for veka kommer. Det er ei stund sida eg laga middagsplan og la ut på bloggen 🥰 Det er lurt å planlegge, handler du for ei veke kan det og bli billigare🥰
Grunndeig for søt gjærbakst er nydeleg godt og denne vart heilt perfekte. Her kan du lage vanlige kveiteboller, snurrer, kringle osv.
Søt gjærdeig. Eg lagde med alternativ sukker.
4 egg
150 gr sukker(eg brukte 80 gr finesse bakesukker)
200 gr Melange/smør
5 dl melk
1 pk gjær om du har lita tid. Har du god tid bruk 1 ts og lengre heving
2 ts bakepulver
1 ts kardemomme
1/2 ts salt
1 1/2-2 l kveitemjøl
Visp eggedosis av egg og sukker. Bland i den varme melka og ha i det tørre litt etter litt. ha i smøret i terninger og elt i 10-15 min etter at smøret er blanda i mjølet.
Forhev i 45 min eller til dobbel størrelse
Fyll til snurrer, knuter eller kringle
100 gr mjukt smør/melange
Sukker, eg brukte brunt sukker, du bruke både vanlig og alternativt sukker
Bak ut ein rektangel og ha på mjukt smør, sukker og kanel. Brett over og del opp i tre biter som du fletter og legger på EiT steike brett.
Du får 27 boller eller 17 boller som er 78 gram og ei kringle av denne deigen.
Etterhev 45 min eller til litt lenger om du bruker alternativ sukker.
steik på 200 grader varmluft i ca 12 min. Eg steikte på bolle programmet i steikovnen min. Då satte eg inn i kald ovn.
Ha klatter med røre på panna, ha på kjøtt og røre oppå kjøttet. La det steike på lav varme i ca 15 min. Snu kakene og steik videre i ca 15 min. De skal være sprø på utsida og mjuke inni.
Server gjerne med ein god salat til desse deilige potetkakene🥬
Wraps med deilig innhald vart ein perfekt lørdagsmiddag her på Alvsvåg 🥰 det som er greit med wraps er at du kan fylle dei med akkurat det du liker. Eg brukte grove tortillalefser med deilig fyll.
Matmuffins med ramsløk. Det berre må bli godt trur eg🥰 eg tilsetter masse Anna godt og. Sjå under her for oppskrift. Dette vart god frukost på ein fin søndag.
20 blad med ramsløk
65 gr spinat
3 egg
150 gr cottage cheese
150 gr revet ost
Raspa blomkål
Parmesan, raspa til å strø over før steiking
Ramsløk pesto, ha på rett før steiking
1/2 ts Salt og pepper
Bland alle ingrediensene i ein blender utenom ost og blomkål. Bland inn ost og blomkål. Ha pesto og parmesan på toppen før steiking. Ca 1 ts med pesto og 1-2 ts med parmesan på kvar muffins.
Steik på 220 grader varmluft i ca 12 min. Skru ned til 180 grader og steik videre i 7-8 min
Avkjøl litt før du tar de ut av formen
Eg serverte de med litt spekemat og frukt og det vart veldig godt.