Melkefrie karameller. Dette er eit godt alternativ til dei som ikkje tåler melk. Dei vart kjempegode på smak. Eg kokte dei litt for lenge så dei vart litt hardare enn det eg hadde tenkt 😂😀
3 dl fløyte, eg brukte Gryr kokos raps fløyte
3 dl lys sirup
3 dl sukker
3 ss smør, eg brukte melkefri Melange
Kok opp fløyte, sirup og sukker. La det småkoke til du når 117 til 120 grader på sukkertermometeret. Då får du mjuke karameller. Anbefaler 120
Tilsett smøret når du har nådd den temperaturen du ønsker. Dersom du ikkje har termometer kan du ta dråpetesten. Hell ein dråpe karamell oppi vatn og dersom den holder formen er den ferdig.
Eg hadde karamellen i konfektformer, men du kan og ha dei i ei form og skjære dei opp etter at dei er stivna.
Pakk dei inn i matpakkepapir og oppbevar i kjøleskapet eller på benken.
Delfiakake er for mange et må ha i jula. Her er mi oppskrift. Dersom du ikkje tåler melk så bruker du den sjokoladen du tåler, laktosefri eller melkefri.
Sviskegrøt er ein av dei dessertene som eg husker fra eg var lita jente. Eg et den kun med eit lute dryss brunt sukker på, mens resten av familien vil ha enten melk eller fløyte.
Kok dei i det vatnet som dei ligg i. Ha i 1/2 dl sukrinsukker eller vanlig sukker. Ta ut vaniljestanga når grøten er ferdig. Ha i potetmel som du har blanda ut i vatn. Kok til du ser ei boble og ta av plata.
Glutenfrie scones. Desse laget eg til ei lagsamling på jobben min. Det er ei av mine kollegaer som ikkje tåler gluten. Desse vart veldig saftige og gode👍
4 dl grovt glutenfritt mel
4 dl fint glutenfritt mel
100 gr smør
2 dl vaniljekesam
2 dl melk
1 ss honning
3 ts bakepulver
1/4 ts salt
200 gr sjokolade
Bland alt det tørre i bakebolla.
Smuldre inn smøret og bland inn veska.
Til slutt blander du inn forsiktig inn sjokolade
Sett ovnen på 225 grader og steik de midt i ovnen i ca 10-15 min
Fordel deigen på eit bakepapir, bruk ei spiseskei til å fordele røra.
Server dei litt varme med ein dasj med vaniljekesam🤩
Sofiesmarsipankake i langpanne. Me er på besøk i Søgne og då me jo bake litt. Eg og Sofie har laget i fellesskap 🤩💕Her fylte me kaka og skar av ei liten blokk som me pynta. Resten vart fryst ferdigfylt så da er det berre å ha på marsipan og pynt når den når en ønsker💕dersom du vil ha kaka i rund form så halverer du oppskrifta og steiker i 24 form
Coockies med sjokolade er favoritten til barnebarnet mitt. Han vil ha de mørke då synest han det er perfekt. Så då er det berre for besto å prøve å lage nokon som han liker😁🥰kjeksa falt i smak hos både store og små
Slik gjer du👇👇👇👇👇👇
5 dl kveitemjøl(dersom du vil ha kakao i tar du vekk 5 ss kveitemjøl og erstatte med 5 ss kakao)
245 gr romtemperert smør/margarin
2,5 dl sukker, eg brukte brunt sukker
3 egg
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
1 ts salt
200 gr sjokolade, eg brukte mørk sjokolade og nonstop
Sett ovnen på 160 grader.
Miks sammen sukker og smør i ei bolle, bruker du mikser så er det bedre å blande.
Tilsett egg, eit om gongen
Bland sammen det tørre i ei skål og ha det sammen med smørblandingen.
Eg delte røra i to skåler og hadde mørk sjokolade i den eine og nonstop i den andre.
Legg ei toppa teskje med røre på bakebrettet, dei siger litt utover.
Steik kjeksene i 10-12 min. Dei skal være litt seige så ikkje steik for lenge. Eg tok dei ut etter ti min, var heilt perfekte
Avkjøl 2-3 min på brettet før du legger dei på ei rist
Når barnebarnet mitt ville ha makroner til 17 mai🇳🇴 Ja då prøver besto å overvinne skrekken for makroner😍😍😂 Eg har brukt Sverre Sætre si oppskrift på makroner.
Mange fyll til makroner er med smør og det er ikkje eg så veldig glad i så her er fylla uten smør og med ferske bær, dette vart friskt og godt