Brownie

 

BROWNIES er ein nytelse for alle sjokoladeelskere. Denne er i rund form og supersaftig og mjuk inni.

Ingredienser:

  • 5 egg
  • 300 gr sukker
  • 225 gr smør/margarin. Eg brukte margarin uten melk, du bruker det du liker best.
  • 125 gr mel
  • 1 ts vaniljesukker
  • 40 gr kakao
  • 160 gr mørk sjokolade, eg brukte ein som var uten melk og sukker. Du bruker den du liker.

Slik gjer du👇

  • Ha alt det tørre i en bolle og rør rundt, bruk gjerne kjøkkenmaskin.
  • Smelt smører og tilsette dette ha og i hakka sjokolade.
  • Ha i ett og ett egg og rør til du får ei flott røre/deig.
  • Helle røra over i en rund form på 26 cm
  • steik på varmluft 160°c i 30 minutter.
  • La avkjøle før du deler opp.
  • Pynt gjerne med bær og melis

Kokosmakroner

 

Kokosmakroner er det mange som lager til jul. Dette er ei oppskrift som eg har brukt i ca 40 år og dei som liker kokosmakroner elsker desse☃️🤶

  • 4 eggekviter
  • 3 dl sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 250 gr kokos

Visp eggekviter og sukker til stiv marengs.

Bland kokos og vaniljesukker og ha dette i marengsen.

Legg på bakepapir kledt steikebrett.

Bruk to teskjeer når du setter kokosmakronene på brettet

180 grader i 10-15 min

Steik de på nest nederste rille i ovnen.

Melkefrie karameller

 

 

Melkefrie karameller. Dette er eit godt alternativ til dei som ikkje tåler melk. Dei vart kjempegode på smak. Eg kokte dei litt for lenge så dei vart litt hardare enn det eg hadde tenkt 😂😀

  • 3 dl fløyte, eg brukte Gryr kokos raps fløyte
  • 3 dl lys sirup
  • 3 dl sukker
  • 3 ss smør, eg brukte melkefri Melange

Kok opp fløyte, sirup og sukker. La det småkoke til du når 117 til 120 grader på sukkertermometeret. Då får du mjuke karameller. Anbefaler 120 

Tilsett smøret når du har nådd den temperaturen du ønsker. Dersom du ikkje har termometer kan du ta dråpetesten. Hell ein dråpe karamell oppi vatn og dersom den holder formen er den ferdig.

Eg hadde karamellen i konfektformer, men du kan og ha dei i ei form og skjære dei opp etter at dei er stivna.

Pakk dei inn i matpakkepapir og oppbevar i kjøleskapet eller på benken.

Delfiakake

 

Delfiakake er for mange et må ha i jula. Her er mi oppskrift. Dersom du ikkje tåler melk så bruker du den sjokoladen du tåler, laktosefri eller melkefri.

  • 250 gr mørk sjokolade
  • 4 ss sterk kaffi
  • 1 pk delfia kokosfett 250 gr
  • 2 egg
  • 2 ss sukker
  • 1/2 pk søt kjeks. For eksempel per kjeks, kandiserte frukter og marsipan, hakka nøtter
  • Kle ei avlang form med bakepapir.
  • Smelt sjokolade i kaffen.
  • Smelt kokosfett på svak varme.
  • Visp eggedosis av egg og sukker. Tilsett sjokolade og bland godt sammen. Hell i avkjølt kokosfett i ei tynn stråle. Rør til du får ei glatt røre.
  • Hell litt av røra i forma.
  • Legg lagvis kjeks, kandiserte frukt, marsipan og sjokoladerøra. Dersom du bruker nøtter så blander du dette i sjokoladen.
  • Settes kaldt natta over.

Bananvafler

 

Bananvafler er godt både til frukost, lunsj, kvelds og som ein deilig kos til kaffen💕

  • 3 bananer
  • 3 dl havregryn
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl melk
  • 3 egg
  1. Hell alle ingrediensene i blenderen.
  2. Blend til du får en glatt røre.
  3. Stek i vaffeljernet.

Supergodt å servere med yoghurt og friske bær, eller med brunost/kvitost eller med litt syltetøy 🥰

Sviskegrøt

 

Sviskegrøt er ein av dei dessertene som eg husker fra eg var lita jente. Eg et den kun med eit lute dryss brunt sukker på, mens resten av familien vil ha enten melk eller fløyte.

  • 400 gr svisker
  • Vatn til du dekker sviskene , ca ein cm over.
  • 1/2 dl med sukrinmelis
  • 1 ts vaniljestang som du koker sammen med grøten.
  • 3 ss potetmel blanda i vatn

Legg sviskene i bløt natta over.

Kok dei i det vatnet som dei ligg i. Ha i 1/2 dl sukrinsukker eller vanlig sukker. Ta ut vaniljestanga når grøten er ferdig. Ha i potetmel som du har blanda ut i vatn. Kok til du ser ei boble og ta av plata.

Det tar ca 1-1 1/2 time å koke.

Server med fløyte, melk eller vaniljekrem.

 

ƒ

Glutenfrie halvgrove scones

Glutenfrie scones. Desse laget eg til ei lagsamling på jobben min. Det er ei av mine kollegaer som ikkje tåler gluten. Desse vart veldig saftige og gode👍

  • 4 dl grovt glutenfritt mel
  • 4 dl fint glutenfritt mel
  • 100 gr smør
  • 2 dl vaniljekesam
  • 2 dl melk
  • 1 ss honning
  • 3 ts bakepulver
  • 1/4 ts salt
  • 200 gr sjokolade
  1. Bland alt det tørre i bakebolla.
  2. Smuldre inn smøret og bland inn veska.
  3. Til slutt blander du inn forsiktig inn sjokolade
  4. Sett ovnen på 225 grader og steik de midt i ovnen i ca 10-15 min
  5. Fordel deigen på eit bakepapir, bruk ei spiseskei til å fordele røra.
  6. Server dei litt varme med ein dasj med vaniljekesam🤩

Sofies marsipankake

 

Sofies  marsipankake i langpanne. Me er på besøk i Søgne og då me jo bake litt. Eg og Sofie har laget i fellesskap 🤩💕Her fylte me kaka og skar av ei liten blokk som me pynta. Resten vart fryst ferdigfylt så da er det berre å ha på marsipan og pynt når den når en ønsker💕dersom du vil ha kaka i rund form så halverer du oppskrifta og steiker i 24 form

  • 10 egg
  • 200 gr sukker
  • 300 gr mjøl
  • 2 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggedosis. Sikt inn mjøl og bakepulver. Vend forsiktig inn i røra til alt er blanda.

Bruk ei langpanne 30*40 cm

Sett nederst i ovnen på 160 grader i 40 min.

La sukkerbrødet bli kaldt før du pynter. Eg opna døra og lot kaka avkjøle i ovnen.

Fyll

  • 8 dl Fløyte
  • 4 ss melis
  • 1-2 dl melk til dynking
  • Bringebærsyltetøy 2-3 ss på kvart lag
  • 200 gr frosne bringebær/knus desse i

Makronfyll

  • 300 gr malte mandler
  • 150-200 gr melis
  • 2 eggekviter
  • 2-4 ss vatn

Bland sammen og ha dette på eit av laga i kaka.

Del kaka i 4. Da får du 3 lag i kaka.

Dynk laga med melk.

Første laget har du på syltetøy, fløyte og knuste bær.

Det andre laget har du makronfyll på, strø over knuste bringebær.

Tredje laget. Begynn med syltetøy ha på fløyte og strø på knuste bær. Legg på lokket, ha syltetøy på dette(syltetøyet ned)

Pynt

  • 3 dl flyte
  • Marsipan
  • Bær
  • Lag litt royal icing til å pynte med

Visp fløyte og ha utenpå kaka. Bak ut marsipan tynt og ha på kaka. Pynt med bær og marsipanrose. Rosene var kjøpt ferdig men du kan lage de sjølv.

Coccies med sjokolade og non stop

Coockies med sjokolade er favoritten til barnebarnet mitt. Han vil ha de mørke då synest han det er perfekt. Så då er det berre for besto å prøve å lage nokon som han liker😁🥰kjeksa falt i smak hos både store og små

Slik gjer du👇👇👇👇👇👇

  • 5 dl kveitemjøl(dersom du vil ha kakao i tar du vekk 5 ss kveitemjøl og erstatte med 5 ss kakao)
  • 245 gr romtemperert smør/margarin
  • 2,5 dl sukker, eg brukte brunt sukker
  • 3 egg
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 1 ts salt
  • 200 gr sjokolade, eg brukte mørk sjokolade og nonstop
  1. Sett ovnen på 160 grader.
  2. Miks sammen sukker og smør i ei bolle, bruker du mikser så er det bedre å blande.
  3. Tilsett egg, eit om gongen
  4. Bland sammen det tørre i ei skål og ha det sammen med smørblandingen.
  5. Eg delte røra i to skåler og hadde mørk sjokolade i den eine og nonstop i den andre.
  6. Legg ei toppa teskje med røre på bakebrettet, dei siger litt utover.
  7. Steik kjeksene i 10-12 min. Dei skal være litt seige så ikkje steik for lenge. Eg tok dei ut etter ti min, var heilt perfekte
  8. Avkjøl 2-3 min på brettet før du legger dei på ei rist

Makroner

Når barnebarnet mitt ville ha makroner til 17 mai🇳🇴 Ja då prøver besto å overvinne skrekken for makroner😍😍😂 Eg har brukt Sverre Sætre si oppskrift på makroner.

Mange fyll til makroner er med smør og det er ikkje eg så veldig glad i så her er fylla uten smør og med ferske bær, dette vart friskt og godt

  • 130 gr mandelmjøl
  • 170 gr melis
  • 80 gr sukker
  • 100 gr eggekviter
  1. Bland melis og mandelmjøl i ein foodprocessor til eit fint mjøl. Sikt mjølet slik at det er heilt fritt for klumper.
  2. Pisk eggekviter og sukker til marengs og vend inn mandelmjølet med ein slikkepott.
  3. Røra skal ikkje være tjukk, da vil den ikkje renne fint utover. Er røra for tjukk så rør litt meir i den så blir den tynnere
  4. Ha røra i ein sprøytepose. Sprøyt ut små rundinger på eit silikonmatte eller bakepapir. Ha litt mellomrom mellom makronene, dei sklir litt ut.
  5. Når brettet er fullt så dunker du det litt i benken slik at makronene faller litt utover og blir glatte.
  6. La dei tørke i 30 min
  7. Steik på 130 grader 15-20 min
  8. Avkjøl makronene på brettet.

Fyll

Bringebærfyll

  • 100 gr bringebær
  • 75 gr sukker
  • 2 ts sitronsaft
  • 1,5 ts gelatinpulver
  1. Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
  2. Mos sammen bringebær, sukker og sitron
  3. Ha blandingen i ein kjele og kok opp
  4. La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
  5. Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
  6. Rør godt og sett til avkjøling

Bjørnebærfyll

  • 100 gr bjørnebær
  • 75 gr sukker
  • 2 ts sitronsaft
  • 1,5 ts gelatinpulver
  1. Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
  2. Mos sammen bjørnebær, sukker og sitron
  3. Ha blandingen i ein kjele og kok opp
  4. La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
  5. Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
  6. Rør godt og sett til avkjøling

Dersom du lager fleire fyll så reduser mengden, det er nok med 100 gr bær til denne oppskrifta.🥰 eg lagde for mykje

Tips

Du kan farge makronene med gelefarge, pulverfarge eller frysetørre bringebær eller kakao.