Plukkfisk er ein rett eg huska godt frå eg vaks opp. Dette var restemat der ein brukte det som var igjen frå middagen dagen før, som poteter, grønsaker og fisk. I dag hadde eg kun fiskerster og difor koke eg ferske grønsaker og tilsatte den kokte fisken frå igår. Dette er ein rett som blir laga på forskjellige måter rundt om i den enkelte heimen. Dette er min måte å gjera det på.
500 gr poteter
120 gr gulrot
1 løk
110 gr kålrot
kveite
melange
melk
salt og pepper
bacon
Kutt opp grønsakene i små biter og kok møre. Mos grønsakene og tilsett melange og melk. kok opp, smak til med salt og pepper. Tilsett fisken og kok til denne er gjennomvarm.
To stykker med breiflabb 200-300 gr alt etter kor mykje du eter
Gni inn ned salt og pepper og skvis over ei halv lime. På toppen legger du vårløk og timian eg brukte to stilker vårløk og en neve timian til slutt to gode skeier med smør
Steik på grillen på indirekte varme i ca ein time på 180 grader
Bakt potet
Pakk inn ønska antall poteter og legg på grillen ca to timer
Romanesko og blomkål
Strø på salt og pepper og legg på grillen i ein halv time ca, dei må væra pakka inn i folie.
Snart helg og tid for å kose seg litt ekstra. Sjømaten er på sitt beste no om vinteren så mitt forslag til helgekos er sjømat med loff og gode dressinger
For ei som er så glad i sjømat og suppe som eg er så er dette perfekt middag for meg. Dette er både sundt og smaker utrulig godt. Eg har brukt torsk i suppa, men den kan du bytte ut med den fisken du liker best. Prøv denne suppa då vel
Er du glad i scampi er dette ein rett som tar seg godt ut på eit koldtbord, som forrett. Når eg laga desse var det som kanapeer til eit brullaup for ein god kollega.
Eg berre elsker suppe i alle varianter og når sjømat er ein av mine favoritter er denne suppa ein innertier. Her er det masse gode smaker og deilig sjømat.
Varme nystekte fiskekaker er berre heilt nydeleg. Her serverte eg dei i ei nystekt burgerbrød med kvitløksdressing og lit salat. Burgerbrødet er ikkje glutenfritt.
Fiskekaker 800 gr lyr 500 gr sei 3 egg 6 dl laktosefri melk 4 ss potetmel 2 Ts salt 1-2 Ts muskatblomme 1-2 Ts pepper Kjør fisk og salt i foodprossesor i 2 min Bland i resten og kjør i eit minutt
Steik kakene på svak varme til dei er lysebrune og gjennomsteikte