Brownie er alltid ein slager. Her har eg prøvd meg på ein variant med sukkererstatning og sukkerfri sjokolade, og glutenfritt mjøl. 🥰Hadde og i kvite sjokoladedråper🥰Dette vart ein skikkelig god fredagskos på jobben👍
Bbq saus til spareribs og grillbein. Det er ikkje lett å få tak i kjøtt som ikkje er marinert her på Bømlo🥰Men så kom eg på at det er ein butikk på Stord med slakter. Eg tok meg ein tur og kjøpte inn både spareribs og grillbein. Eg har prøvd meg på ein bbq saus med alternativ søtning, den var supergod.
2,5 dl ketchup uten sukker
1,25 dl eplesidereddik
2 ss vatn
2 ts Sukkr gold
0,6 dl monster sirup
2 ts sitronsaft
Chilliflakes 1 ts
1/2 ts salt
1/2 ts pepper
1 ts smoked paprika
1/4 ts kvitløk eg brukte fersk
2 -4 ts chicken og steak krydder santa Maria sitt krydder
Frukostlapper er deilig til helgefrokosten eller som kos til kaffen. Dette er ein av mannen sine favoritter til til frokosten. I dag bytta eg søtning til sukrin karamell sirup. Dersom du ynskjer ein sunnere variant bytter du ut mjølet med ein grovere sort eller havremjøl 👍
3 dl rømme
2 dl melk
2 egg
1 ss sukrin karamell sirup
1 ts natron
1 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
1 ts vaniljepulver
Smør til steiking
Bland sammen rømme, melk og egg.
bland alt det tørre i ei skål og spe litt og litt til du får ei tjukk røre. la det svelle 10 min før du steiker på svak varme til dei blir lysebrune.
server med syltetøy, sukker, lønnesirup, bær, frukt🥰 her er det berre fantasien som stopper deg
Bananpannekake får me til dessert når me er i Thailand. Her har eg laget min versjon av denne. Eg hadde to brune bananer som eg hadde i deigen. I tillegg så kutta eg opp 2 bananer og hadde desse i etter at eg hadde røra på steikepanna
Deigen
2 brune bananer
3 egg
2,5 dl melk
2 dl kveitemjøl, kan og bruke havre om du vil det
1 ts vaniljepulver
2 ts bakepulver
Mos banan og bland inn egga. Ha i melk og til slutt alt det tørre.
Ha smør i steikepanna og smelt smøret og skru ned varmen før du har i røra.
Kutt opp to bananer og strø dei over pannekaka.
Steik på svak varme i ca 15 min, snu kaka og steik videre i 15 min til.
Server som dei er eller med bær, lønnesirupeller sirup som ikkje er tilsatt sukker.
Dette kan være ein god dessert eller lunsj på ein fin søndag ute på terassen.
Sjokoladekake er alltid deilig. Her har eg laget kake uten egg.Eg brukte glutenfritt mjøl og alternativt sukker. Eg har slitt med å få til god krem med alternativt sukker, synest de fort blir tørre. Denne gangen laget eg ein sjokoladeganach olalala den vart god🥰
Kakebunn
4,5 dl Toro fin kakemiks (du kan og lage med kveitemjøl, samme mengde mjøl)
2 dl finesse bakesukker
2,5 ss kakao
0,5 ss natron
1 dl Melange( smelta)
0,5 liter kefir
sett ovnen på 175 grader
Bland sammen dei tørre ingrediensene
Tilsett smelta Melange og kefir
Kle ei lita langpanne som er 13,5*9,5 cm
Hell røra i forma og steik midt i ovnen i ca 40 min. Bruk ein pinne til å sjekke om kaka er steikt
Dynk kaka når du tar ut frå ovnen
Avkjøl litt før du har på glasuren
Dynk:
2 dl melk
1 ss kakao
Kok opp melk og rør inn kakao. Stikk mange små hull i kaka med ein tynn pinne, eg brukte eit grillspyd.
Slå over kaka mens den er varm.
Glasur
2, 5 dl gryr fløyte eller vanlig fløyte
250 gr sukkerfri melkesjokolade eller vanlig sjokolade
Kok opp fløyte og ha i sjokolade. Rør godt når det smelta. Ha på kaka.
Vaniljesnurrer med blåbær vart nydelig god kaffimat. Eg har laget desse med alternativt sukker og amerikanske blåbær, du kan sjølvsagt bruke dei bæra du har, bringebær er og godt.
Varm melka til 37 grader og ha i gjæren, fersk eller tørr, ha den opp i bakemaskinen din. Tilsett det tørre og kjør maskinen i 10 min. ha smøret oppi litt etter litt, kjør i 10 min.
Hev til dobbel størrelse.
Fyll
120 GR smør/Melange
3 ts vaniljepulver
3 ss finesse bakesukker
Blåbær 150-200 gr
Bland smør, sukker og vanilje lett saman i ei skål.
Bak ut eit rektangel som er ca 1-2 cm tjukt
Fordel smørblandingen på deigen. Ha på blåbær og rull saman og skjær i passe biter.
1 egg til pensling.
Etterhev i 30-40 min
Steik på 200 grader i 12-15 min eg brukte varmluft
Bananlapper til frukost på ein heller grå søndag var ikkje feil. Eg hadde to brune bananer som eg ville bruke opp. Tilsatte litt sukkerfri chocolate chips. Servert med bær vart dette ein luksusfrukost.
2 modne bananer
2 egg
1,5 dl havremel
1,5 dl kveitemjøl
3 dl kesam
1 ts vaniljepulver
1 ts natron
3 never Sjokoladeknapper
Mos bananer og bland inn egg og kesam. Ha i mjøl og vaniljepulver.
Kake med surmelk blir veldig saftige og gode. I dag laget eg ei rund lake og steikte i to former på 26 cm. Hadde krem både oppå og mellom laga.
TIPS:
Du kan bytte ut surmelk med rømme/youghurt som er laktosefri eller melkefri.
7 dl surmelk
7,5 dl hvetemel
1,5 dl smelta smør/margarin eller melkefritt
2,5 dl finesse bakesukker
3-4 ss kakao
2 ts natron
2 egg
Bland alt det våte før du sikter i det tørre og ha i to runde springformer på 26 cm og stek i 45 min på 200 grader nest nederste rille i ovnen
Krem:
4 dl gryr matfløyel
300 gr mørk eller lys sukkerfri sjokolade eg brukte 200 gr lys og 100 gr mørk
Varm opp fløyten og ha i sjokoladen. Når slt eg smelta så kjøler du ned sjokoladeblandingen. Når det det er kaldt pisker du det opp til ein lys og luftig krem som du brer over kaka og mellom laga.