Surdeigsbrød med samalt kveite


Så var eg på surdeigskjøret igjen. I dag har eg laget eit brød med sikta kveitemjøl og samalt kveitemjøl. Dette må eg sei er det brødet som er mest vellykka. I morgon blir det ny baking med litt andre ingredienser og fremgangsmåte🥰

Oppskrift

  • 100 gr samalt kveite
  • 300 gr Sikta kveitemjøl
  • 340 gr Vatn
  • 16 gr Salt
  • 100 gr Starter av sikta kveitemjøl

Dag 1

Ta fram surdeigstarteren din og la den stå på benken natta over.

Dag 2

Mat starteren med 50 gr kveitemjøl og 50 gr vatn.

Autolyse 1-2 timer👇

  • 100 gr samalt kveitemjøl
  • 400 gr kveiteMjøl
  • 340 gr Vatn

Bland sammen og la det stå på benken 1-2 timer. Bland dette godt slik at det ikkje er noko mjøl igjen i bolla. Og sett tilside i 1-2 timer. Skriv kl slett på plasten du dekker til bolla med.

Bland sammen:👇

Ha i 100 gram fra starteren din og saltet. Bland det godt slik at alt saltet er godt blanda med deigen. Når du har blanda godt så jobbet du videre med deigen ved å ta hånda di under deigen og snur rundt og rundt og rundt. Dette gjer du til deigen er god og smidig. 5-10 min. Dette er for å opparbeide gluten i deigen.

Strekk og brett👇

Sett deigen tilside med plast over. Skriv på kl slett, du skal no strekke og brette kvart 30. Min. Strekk og dra i deigen, gjer dette heile veien rundt bolla og når du er komt rundt snur du deigen med brettekanten ned i bolla. Deigen skal være lett å dra opp og brette, dersom du ikkje klarer å strekke deigen så sett deigen i ro igjen og gjer eit nytt forsøk etter nye 30.min

Du gjentar dette kvart 30.min 4-6 gonger.

Forming av brødet:👇

Ha deigen på benken med mjøl på. Når du tar deigen ut av bolla skal den sida som er nederst i bolla vende ned mot bordet.

Strekk ut deigen og form brødet. Du bretter deigen sammen som ein konvolutt og strammer godt slik at brødet held forma. Legg bolla over og la den ligge nye 10 min.

Brett deigen igjen og legg deigen i hevekorga. Løft opp deigen og la den brette seg under deigen, gjer dette heile veien rundt. Stram deigen ved å snurre den rundt og rundt. Vær forsiktig så du ikkje slår lufta ut av deigen. Brettsiden skal være opp i korga

Dersom du ikkje har slik fancy korg så bruker ei bolle med eit håndkle oppi. Sett deigen til heving 12-16 timer. Skriv kl slett på plasten slik at du har kontroll på kor lenge den har stått til heving i kjøleskap.

Dag 3

Sett ovnen på 250 grader og sett inn forma/gryta sammen med lokket. La det stå minst 1/2 time

Ha frø i botn av gryta/ forma. Ha brødet forsikt oppi, med toppen ned i gryta. Lag snitt i brødet og dusje det med vatn, ta på lokket og sett inn i ovnen på nederste rille.

250  grader i 30 min med lokk

240 grader i 10 min med lokk

240 grader uten lokk i 20-30 min

Grillribbe i biter med deilig marinade

Marinerte svineribbe. Denne kan du marinere og fryse i porsjoner. Då har du lett tilgjengelig middag.

  • 1 svineribbe
  • 3 ss ketchup eg brukte heintz
  • 2 ss røkt paprika
  • 2-3 ts salt
  • 2 ts pepper
  • 2 ts kvitløkspulver
  • 2 ts løkpulver
  • 2 ss brunt sukker
  • 1/2 sitron
  • 1,5 dl olje eg brukte vitago

Skjær opp ribba i biter etter at du har fjerna bein og svor. I denne ribba var det kun 1 lite bein 🥰svoren skal eg lage baconsnacks av.

Legg den oppskjærte ribba i ei skål. Ha på krydder, sukker,olje, sitron og ketchup. La det stå på benken 4 timer.

Legg kjøttet på grillen på inndirekte varme, grille det i 60 min på 100 grader og 180 grader 1 time. Dei siste 5 min har du kjøttet på direkte varme for å få steikeskorpe.

Eg serverte med dampa blomkål, kokt ris og kvitløksdressing.

Heilgrilla entrecôte

 

 

Årets grilldag som var lørdag 9 mai måtte selfølgelig feires med noko nydelig grillmat. Her hos meg vart det heilgrilla entrecôte med fløtegratinerte poteter, steikt løk, brokkoli og peppersaus 😁😁

Potetene

  • 5 store poteter
  • 3 dl fløyte
  • 1 ts pepper
  • 2 ts salt
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 150 gr Raspa ost

Kutt opp poteter og ha dei i ei panne med salt, pepper og kvitløk. Kok opp og la det syde i 10 min. Ha alt i ei ildfast form og strø på ost og sett det på grillen.   

Eg griller den på inndirekte varme ca 200 grader i ca 1 time.

Entrecôte

  • 1 heilt entrecôte
  • Salt
  • Pepper

Gni kjøttet inn med salt og pepper og legg på grillen med steiketermometer. Steikte på inndirekte varme, til slutt legger eg det på direkte varme for å få steikeskorpe. Du steiker til det når den varmen du ønsker.

Du griller på 100 grader i 1 time

200 grader i 1 time

Så har du på direkte varme i 5 min

La kjøttet kvile 15-20 min

Tilbehør

Rask kyllinggryte med pasta

Kyllinggryte på rester fra ein heilgrilla kylling gav ein nydelig røyksmak på gryta. Den gryta er superrask å lage. Du har middag på ca 20 min.

  • 300 gr grilla kylling
  • kylling
  • 1 kinesisk Kvitløk
  • 1 Sjarlottløk
  • 1 Paprika
  • 1 Vårløk
  • 2 ss Creme fresh
  • 8 dl vatn
  • 2 dl sky/ smørblanding som hadde rent av kyllingen under steiking
  • Kyllingkrydder
  • 2 ss kveitemjøl
  • Sitron

Skjær opp alle grønsakene og løken. Svi løk og kvitløk litt i panna og legg på eit fat, vårløk paprika skal i på slutten.

Ha skyen/ fettet fra grillinga i ei gryte og smelt denne. Ha i 2 ss kveitemjøl, spe med vatn til passe konsistens. Det skal være ca 8 dl vatn. Skyen er god på smak og gir ein deilig røyksmak på gryta. Ha løken oppi sausen og la det koke i 10 min. Ha oppi finkutta kylling og vårløk, paprika. Kok videre i 5 min. Ha i creme fresh til slutt og smak til med kyllingkrydder og sitron, gi det eit lite oppkok så er det klart til servering.

Her finnet du oppskrift på kyllingen👇

https://lailasmat.blogg.no/heilgrilla-kylling-pa-rotisseri.html

TIPS:

Dersom du ikkje har rester slik eg hadde så kan kan du bruke kyllingfilet.

Skjær kyllingen i biter og krydre med salt, pepper, løkpulver  og røkt paprika. Legg til side når det er steikt. Då kan du bruke det du har steikt kyllingen i som base for gryta.

Salt kjøtt og ertesuppe

Salt kjøtt og erter er skikkelig søndagsmiddag. Dette serverte eg til middag på søndag som var og falt i smak hos min kjære. Det er ikkje middag me har ofte, men det er veldig godt. Kjøttet har eg sjølv salta 💕

  • 1 kg saltet lammekjøtt

Legg kjøttet i vatn kvelden i førevegen. Kok kjøttet i ca 3 timer.

  • 2-3 poteter PR person

Ertesuppe

  • 5 dl gulerter
  • 7 gulrøtter
  • 1 kålrot
  • 1 gul løk

Sett erter i vatn dagen før.

Kok erter i 1-2 timer før du har i grønsaker, kok videre til alt er mørt.

Til slutt har du i kraft fra kjøttet og smaker til suppa med salt og pepper.

Server kjøtt, poteter og suppe i ei djup skål.👍💕

Middagsmeny veke 19

Middagsmeny veke 19

Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det liker eg 🥰💕

Mandag:Eg begynner veka med ein av min mann sine barndomsminner🥰

https://lailasmat.blogg.no/moussaka.html

Tirsdag: i dag går eg for dampa torsk😁

https://lailasmat.blogg.no/dampa-torsk-med-suppe.html

Onsdag:Plukkfisk er deilig restemat 👏

https://lailasmat.blogg.no/plukkfisk.html

Torsdag:pasta med pølsesaus er enkelt og godt🥰

https://lailasmat.blogg.no/pasta-med-polsesaus.html

Fredag:er veldig glad i ovnsretter og i poteter så denne er perfekt 😇

https://lailasmat.blogg.no/moussaka.html

Lørdag:I dag er det den første grilldagen, sjølv om eg griller heile året så er det ikkje alle som gjer det🔥

https://lailasmat.blogg.no/heilgrilla-kylling.html

Søndag: mammas svineribbe er nydelig søndagsmiddag 👏👏

https://lailasmat.blogg.no/mammas-svineribbe.html

Heilgrilla kylling på rotisseri

Heilgrilla kylling på min nye rotisseri var ein flott opplevelse. Kyllingen vart jevnt steikt og skinnet sprøtt og deilig heile veien rundt. Den ser brent ut, men det er den ikkje. Det er bare det brune sukkeret som gjer at den er litt mørk

  • 1 heil kylling
  • 4 ss margarin/ smør
  • 1 ss salt
  • 1 ss smoked paprika
  • 1 ts pepper
  • 1/2 sitron
  • 1 ss brunt rørsukker
  • 1 ss løkpulver

Smelt smør og tilsett krydder. Sett kyllingen på spydet og pensle ned krydderblanding. Plasser spydet på grillen. Sett ei skål under til å samle opp det som renner av kyllingen. Pensle kyllingen underveis i grillinga. Ha litt vatn i skåla som står under kyllingen.

Server kyllingen med chuncky potetchips og grilla sopp og paprika.

Potetene:

  • 2 store poteter PR person
  • 2 ts bakepulver
  • 1-2 ss olje
  • 4-5 ss maizena
  • 1 ts flaksalt

Skrell potene. Skjær potetene i litt store skiver. Kok dei i vatn med 2 ts bakepulver, kok i 5-10 min. Ha potetene på eit håndkle og la dei tørke før neste prosess.

Ha potetene i ein pose, ha olje, maizena og salt i posen og rist forsiktig slik at alle bitene er dekka.

Legg potetene på eit brett. Steik på 225 grader varmluft i steikovn til potetene er sprø utenpå og mjuke inni 😇steikte i 25 min

Grilla grønsaker

  • 2 vårløk
  • Ønska antall sopp
  • 2 paprika, den spisse

Legg vårløk, sopp og paprika på inndirekte varme på grillen og la dei ligge til dei har fått god farge. Både vårløk og paprika kan  godt bli litt svarte det er veldig godt. Grilla dei i ca 15-25 min

Halvgrovt surdeigsbrød

Eg prøver meg igjen på grovt surdeigsbrød. I dag lagde eg eit som er halvgrovt.

DAG 1

Starter

Mat starteren din med 30/50 gr mjøl og samme mengde vatn. La den stå på benken 3-4 timer.

Eg bruker 150 gr med starter.

Fordeig

  • 340 gr Vatn
  • 250 gr sikta kveitemjøl
  • 250 gr samalt kveitemjøl finmalt

La fordeigen stå på benken 3-5 timer. Dekk bolla med plastfilm og eit kjøkkenhåndkle

Når fordeigen har stått å godgjort seg og starteren er dobla i størrelse.

Bland sammen deigen, 12 gr salt og 150 gr surdeig. Kna den godt i nokre minutter.

Dekk til bolla med plast og eit håndkle.

La deigen kvile i 3-5 timer.

Brett deigen 3-5 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.

Når deigen har kvilt ferdig skal den være elastisk, nesten litt fettete

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, form til brød og la den kvile i 10 min.

Gjer klar det du vil steike brødet i. Eg brukte ei brødform. Ha bakepapir i forma og dryss på godt med mjøl og frø i botn. Ha i brødet du har formet og ha mjøl og frø i sidene og oppå deigen slik at det ikkje henger fast når det er ferdigstekt.

La brødet heve natta over på benken og steik neste dag. Eg dekka formen med eit håndkle som var godt med mjøl på.

Dag 2

Hiv eit stort glass vatn inn i ovnen rett før du har brødet inni.

Steik i 30 min på 250  grader. Senk til 230 grader, steik videre i ca 35 min. Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig.