Foccaia

 

Foccaia

 

  • 1 kg pizzamel
  • 1 l vatn
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 1 pk gjær

Ha lunka vatn i bakebolle og tilsett det tørre. La maskinen gå 10-15 min. Hev i 30-40 min. Deigen skal være laus.

 

Fyll

  • 3 ss olje fra fetaosten
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 2 ss soltørkede tomater
  • 2 ss fetaost
  • Flaksalt

Bland dette

 

Ha deigen over i ei langpanne og ha på fyllet. Strø på salt

Sett ovnen på 225 grader og steik til du får ei gyllen overflate.

 

Rundstykker med urter

 

Rundstykker med urter

25 stk fekk eg av denne oppskrifta

  • 5 dl vatn
  • 100 gr Melange blå
  • 1 pk gjær
  • 2 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 2 egg
  • 2ts timian
  • 2 ts basilikum
  • 1 ss rosmarin
  • Ca 900 gr Kveitemjøl

Varm opp vatn og ha i Melange så det smelter . Når det er fingervarmt ha i gjæren. Ha resten i og elt til du får ein smidig deig. Hold litt igjen på mjølet og ha det i litt og litt til deigen slipper bolla.

 

Forhev 50-60 min

Bak ut rundstykker og legg på brett. Klipp et kryss på toppen.

etterhev 40-50 min

1 egg til pensling av rundstykkene og strø på msldonsalt.

225 grader midt i ovnen 10-15 min

Frokostrundstykker

frokostrundstykker med frø

  • 5 dl havregryn
  • 7 dl vatn
  • 2 ss margarin uten melk
  • 2 dl laktosefri melk
  • 1 dl linfrø
  • 1 ss psyllium
  • 1 dl gresskarkjerner
  • 2 dl solsikkefrø
  • 2 ts salt
  • 2 ts honning
  • 1 pakke gjær
  • ca 14 dl kveitemjøl
  • 1 egg til pensling
  • Maldonsalt til å strø oppå

Hell kokende vatn over havregryna og margarin og la det stå 10-15 min.

Bland i den kalde melka og vent til blandinga er fingervarm.

Ha i resten av ingrediensene, men hold litt igjen på mjølet. Når deigen slepper bolla er den passeleg.

La deigen bli elta i minst 10 min.

Heb deigen 1 time.

Bak ut ein firkant på ca 20 ganger 40 cm deig og del opp i passelige emner. Eg bakte den litt tynnere, men neste gang kommer eg til å Lagesen litt tjukkere slik at frokostbrøda blir litt tjukkere.

Legg på bakebrettet og etterhev i 40 min.

Steik 200 grader i ca 15-20 min.

 

Ostebriks

 

Ostebriks

20 stk

  • 3 dl melk
  • 3 dl vatn
  • 100 gr blå melange
  • 5 egg
  • Ca 2,2 l Kveitemjøl
  • 2-3 ts salt
  • 1 pk gjær
  • Raspa ost 300 gr

Varm melk og vatn og ha i melange. Når det er fingervarmt ha i gjær, salt og egg. Spe med mjøl til deigen slipper bolla.

Forhev ca 1 time.

Trill ut boller og legg på brett.

Etterhev ca 40-50 min.

Ha på raspa ost og steik.

200 grader i 15-20 min.

 

 

Speltbrød

 

Speltbrød

  • 3 dl appelsinjuice( eg pressa appelsinene sjølv)kan byttes ut med youghurt for dei som ikkje tåler citrus
  • 5 dl vatn
  • 5 dl grov spelt
  • 7 dl Fin spelt
  • 3 ss olje
  • 2vss fiberhusk
  • 1 pk gjær
  • 2 ts salt

Varm vatn ig juice til 37 grader.

Elt sammen alle ingrediensene til ein litt laus deig.

Forhev 1 time og stikk hull i deigen og hev 1 til.

Fordel i to former.

Etterhev i 40-60 min

Nederste rille i ovnen

225 grader i   Ca 60 min

 

Gulrotbrød

 

 

Halvgrovt gulrotbrød

  • 5 dl naturell laktosefri youghurt
  • 3 dl Vatn
  • 2 ts Salt
  • 1 ss Honning
  • 3 ss olje
  • 1 pk Gjær
  • 1/2 l Grovt kveitemjøl
  • Fint kveitemjøl
  • 1 dl Solsikkekjerner
  • 1 dl Gresskarkjerner
  • 4 Gulrøtter
  • 1 ss fiberhusk
  • 1 egg til pensling
  • Maldonsalt til å strø over brødet

Varm opp vatn og youghurt til fingervarmt. Ha i honning, frø og gjær, la det stå å svelle mens du rasper gulrøtter.

Ha i salt, olje og mjøl og elt i 15 min.

 

Forhev 1 time

Del deigen i to og ha i former som er smurt eller kledt med bakepapir.

Etterhev i ca 1 time. Pensle med egg og strø på litt maldonsalt.

Steik i nederste rille på 225  grader i 50-60 min

Etter 25 min ta ut brødet og stek videre uten form til det er gjennomsteikt

Ramsløksnurrer

 

 

Ramsløksnurrer

  • Ca 1 1/2-2 l kveitemjøl
  • 1 ss farin
  • 2 dl melk
  • 4 dl vatn
  • 2 egg
  • 1 pk gjær
  • 50. gr melange
  • 3 blad med ramsløk finkutta

varm opp melk og vatn til fingervarmt og ha i bakebolla på maskinen. tilsett gjær og ramsløken. Tilsett mjølet og elt. Ha i melange og elt til alt er godt blanda, elt videre 10-15 min.

  • Forhev i ein time.

Fyll:

  • 4 ss ramsløksmør
  • 150 gr ost. Her bruker du den osten du er glad i.

bland dette og smør på leiven før du ruller sammen deigen og skjærer opp.

  • Etterhev i 30-40 min. pensle med egg og strø på salt før du steiker
  • Steik 225 grader i ca 12 min

 

 

 

 

 

Halvgrovt grytebrød

 

 

Halvgrovt grytebrød

  • 4 dl vatn
  • 250 gr sammalt kveite
  • 250 gr fint kveitemjøl
  • 2 ts salt
  • 1/2 ts gjær
  • Ha alt det tørre i ei bakebolle. Tilsett vatnet og rør sammen. Deigen skal være fast men klissete.
  • Hev deigen i 12-18 timar på benken.
  • Kvelv deigen på eit bakepapir med godt med mjøl på. Brett sammen deigen frå kanten og innover. Pass på at det ikkje klistrer seg til bakepapiret. La deigen heve med brettekanten ned på papiret. Ha på meir mjøl om nødvendig. Ha over bakebolla og hev i 1 1/2 time.
  • Sett steikovnen på 250 grader.
  • Sett inn gryta og la den stå 30 min, ha mjøl i bunn før du har i brødet som er ferdighevet.
  • Steik i 30 min med lokket på. Nederste rille
  • Skru ned ovnen til 200 grader og ta av lokket. Steik videre i 10-15 min.
  • Avkjøl på rist.

 

Pølsebrød

 

 

Pølsebrød

  • 1 kg kveitemjøl
  • 6 dl vatn
  • 80 gr temperert blå melange
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 1 pk gjær

varm vatn til det er fingervarmt pog ha i bakebolla på maskinen. Ha gjæren oppi og la det stå i 5 min.

Ha i det tørre og elt til alt er blanda, ha i litt og litt mjøl til deigen sleppe bolla. Ha i melange som er skjært i terninger, ein om gongen til alt er godt blanda. la det fortsette å kjøre maskinen i 10-15 min.

Forhev deigen i 1 time.

Del deigen i 24 biter og form avlange pølsebrød. Pensle med egg og ha på dei frøa du ønsker, eller du kan ha det uten frø.

Etterhev i 30-40 min.

Steik på 225 grader i ca 10 min.

 

Hamburgerbrød

 

 

Hamburgerbrød

  • 800 gr- 1 kg kveitemjøl
  • 6 dl vatn
  • 80 gr temperert blå melange
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 1 pk gjær

varm vatn til det er fingervarmt pog ha i bakebolla på maskinen. Ha gjæren oppi og la det stå i 5 min.

Ha i det tørre og elt til alt er blanda, ha i lit og litt mjøl, det er nok mjøl når deigen slepper bolla. Ha i melange som er skjært i terninger, ein om gongen til alt er godt blanda. la det fortsette å kjøre maskinen i 10-15 min.

Forhev deigen i 1 time.

Del deigen i 24 biter og form runde og klem deilig flate. Pensle med egg og har på dei frøa du ønsker.

Etterhev i 30-40 min.

Steik på 225 grader i ca 10 min.