Melkefrie karameller. Dette er eit godt alternativ til dei som ikkje tåler melk. Dei vart kjempegode på smak. Eg kokte dei litt for lenge så dei vart litt hardare enn det eg hadde tenkt 😂😀
3 dl fløyte, eg brukte Gryr kokos raps fløyte
3 dl lys sirup
3 dl sukker
3 ss smør, eg brukte melkefri Melange
Kok opp fløyte, sirup og sukker. La det småkoke til du når 117 til 120 grader på sukkertermometeret. Då får du mjuke karameller. Anbefaler 120
Tilsett smøret når du har nådd den temperaturen du ønsker. Dersom du ikkje har termometer kan du ta dråpetesten. Hell ein dråpe karamell oppi vatn og dersom den holder formen er den ferdig.
Eg hadde karamellen i konfektformer, men du kan og ha dei i ei form og skjære dei opp etter at dei er stivna.
Pakk dei inn i matpakkepapir og oppbevar i kjøleskapet eller på benken.
Delfiakake er for mange et må ha i jula. Her er mi oppskrift. Dersom du ikkje tåler melk så bruker du den sjokoladen du tåler, laktosefri eller melkefri.
Det er ikkje så ofte eg lager svineribbe, men når det er nyttårsfeiring med vennegjengen så blir det både svineribbe og pinnekjøtt. Som den gode vertinna eg er så tok eg kun bilde av svoren dom vart heilt perfekt😇
Skulle ta bilde av resten når eg hadde fått dandert middagen, men det glemte eg. Det var nøgde gjester som åt godt. Svoren var sprø og kjøttet vart utrulig saftig og med god saus vart dette perfekt. Legger ut dette sjølv om det berre er et svorbilde som følger oppskrifta på mi ribbe🥰
4 kg svineribbe
Salt og pepper
Gulrøtter 1-2 PR person
Poteter 3 PR person
1 Løk
Surkål
Rødkål
Brun saus
Gni inn ribba med salt og pepper og sett kaldt. Dette kan du gjere to dager før den skal steikes.
Finn fram ei form og legg ribba med svoren ned. Ha på vatn så det dekker svoren. Dekk forma med folie.
Sett ovnen på 180 grader og damp 1 time.
Ta ut formaog snu ribba med svoren opp. Legg den på rist. Fyll på forma med vatn og ha i ein-to løk to gulrøtter og litt purreløk. Sett ovnen på 70 grader og sett forma inn igjen i ovnen. 7-10 timer. Skru opp til 225 på slutten slik at di får sprø svor.
Server med surkål/rødkål og kokte poteter og gulrøtter.
Brun saus her bruker eg krafta fra steikinga av ribba og fremgangsmåte finner du i linken her
Dette er ein fin tradisjon som eg liker å ta vare på. Då er familien samla til god mat og flotte samtalar rundt bordet mitt og dette set eg veldig pris på😍🎄
Dette er ein av rettene på julalunsjen min. Det blir servert waldorfsalat som tilbehør til den.
900 gr mørbrad
Ca 1-2 ts Salt
Ca 1-2 ts Pepper
1 ss blå Melange
Brun mørbradenpå den eine siden og snu den og skru varmen ned og steik videre til mørbraden når 65-67 grader. Gradene stiger litt etter at du har tatt den av platen. Ta den av plata og legg på eit fat. Strø på salt og pepper og la den bli kald før du skjærer i den.
Denne kan du sjølvsagt koke i panne etter anvisning på panna.
2 l melk
4 dl grøtris
8 dl vatn
1/2 ts salt
2 ts vaniljesukker
Bland alt i ei panne og sett i dampovn. Sett ovnen på 100 grader og kok i 30 min. Ta ut panna og rør om. Sett inn igjen i 20-30 min og du har perfekt graut.