Pølsepytt med potetmos til middag er enkel og god kvardagsmiddag. Her hadde eg nokre pølser som var på vei til å gå ut på dato og ein liten rest med kjøttdeig etter ein middag for eit par dager siden😂
ca 100 gr rester med kjøttdeig
1 pk grillpølser
1 gul løk
1 rød løk
1 kinesisk kvitløk
Salt,pepper
Melange til steiking
Potetstappe
Begynn med å sette potetene på kok dei tar lengst tid.
Kutt opp pølser og løk i passe biter. Steik pølsene gylne og legg på eit fat. Steik løken til den blir litt brun i kantane før du har pølsene sammen med løken, ha oppi den ferdigstekte kjøttdeigen.
Coockies med sjokolade er favoritten til barnebarnet mitt. Han vil ha de mørke då synest han det er perfekt. Så då er det berre for besto å prøve å lage nokon som han liker😁🥰kjeksa falt i smak hos både store og små
Oppskrifta er nok til 4 vaksne. Me har middag i to dager, suppa blir kjølt raskt med i vasken med vatn og isbiter.
400 gr grilla ytrefilet av okse
3 gulrøtter
6 poteter
1 nepe
1 gul løk
1/2 stor purreløk
1 blomkål
Vatn
Salt
Kutt opp alle grønsakene og kjøttet i litt store biter. Legg blomkålen til side. Ha resten i ei gryte og fyll på med vatn. Småkok i 1 time. Ha blomkål i dei siste 10 minuttene. Smak til med salt og pepper.
Eg serverte suppa med flatbrød, men du kan og bruke brød.
Tips:
Om du har andre kjøttrester så kan du bruke det. Du kan og bruke pølse. Det er og mange andre gode grønsaker du kan bruke, men det var desse eg hadde i kjøleskapet i dag🥰😁
På ein og travel dag med lite tid til å stå på kjøkkenet eller at du ikkje orker kan du lage deg ein enkel sandwich til middag. Her brukte eg litt gammelt brød og egg og bacon. Enkelt og godt
Ønska antall egg PR person etter hvor sulten du er
2 skiver bacon
Margarin/smør
Kvitløksdressing
Tomater
Steik bacon og legg til side. Steik skivene på begge sider og legg på fatet.
Mat starteren din med 50 gr mjøl og samme mengde vatn. La den stå på benken til neste dag
Eg bruker 100 gr med starter.
Fordeig
340 gr Vatn
500 gr sikta kveitemjøl
La fordeigen stå på benken natta over. Dekk bolla med plastfilm og la den stå til neste dag
Dag 2 kl 10.00
Når fordeigen og starteren har stått å godgjort seg og starteren natta over
Bland sammen deigen, 16 gr salt og 100 gr surdeig. Kna den godt i nokre minutter. Eller bruk kjøkkenmaskin til å blande godt sammen
Dekk til bolla med plast og eit håndkle.
Kl 11.00
Brett deigen 4-6 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.
Når deigen er ferdigstrekt skal den være elastisk, nesten litt fettete
Kl 13.30
Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, form til brød og la den kvile i 10 min.
Gjer klar hevekorga. dryss på godt med mjøl i korga. Ha i brødet du har formet og ha mjøli sidene og oppå deigen slik at det ikkje henger fast når du skal ha det over i det du skal steike det i.
La brødet heve natta over i kjøleskapet og steik neste dag. Eg dekka formen med eit håndkle og plast som var godt med mjøl på.
Satte i kjøleskapet kl 14.00
Dag 3 kl 9.30
Ha brødet oppi ei terrakottaform som er varm. Eg snitta brødet før eg tok det oppi forma.
Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig