Oppskrifta er nok til 4 vaksne. Me har middag i to dager, suppa blir kjølt raskt med i vasken med vatn og isbiter.
400 gr grilla ytrefilet av okse
3 gulrøtter
6 poteter
1 nepe
1 gul løk
1/2 stor purreløk
1 blomkål
Vatn
Salt
Kutt opp alle grønsakene og kjøttet i litt store biter. Legg blomkålen til side. Ha resten i ei gryte og fyll på med vatn. Småkok i 1 time. Ha blomkål i dei siste 10 minuttene. Smak til med salt og pepper.
Eg serverte suppa med flatbrød, men du kan og bruke brød.
Tips:
Om du har andre kjøttrester så kan du bruke det. Du kan og bruke pølse. Det er og mange andre gode grønsaker du kan bruke, men det var desse eg hadde i kjøleskapet i dag🥰😁
På ein og travel dag med lite tid til å stå på kjøkkenet eller at du ikkje orker kan du lage deg ein enkel sandwich til middag. Her brukte eg litt gammelt brød og egg og bacon. Enkelt og godt
Ønska antall egg PR person etter hvor sulten du er
2 skiver bacon
Margarin/smør
Kvitløksdressing
Tomater
Steik bacon og legg til side. Steik skivene på begge sider og legg på fatet.
Eg prøver meg igjen på surdeigsbrød. I dag lagde eg eit brød med sikta kveitemjøl og brødet vart veldig godt.
DAG 1 på kvelden kl 22.30
Starter
Mat starteren din med 50 gr mjøl og samme mengde vatn. La den stå på benken til neste dag
Eg bruker 100 gr med starter.
Fordeig
340 gr Vatn
500 gr sikta kveitemjøl
La fordeigen stå på benken natta over. Dekk bolla med plastfilm og la den stå til neste dag
Dag 2 kl 10.00
Når fordeigen og starteren har stått å godgjort seg og starteren natta over
Bland sammen deigen, 16 gr salt og 100 gr surdeig. Kna den godt i nokre minutter. Eller bruk kjøkkenmaskin til å blande godt sammen
Dekk til bolla med plast og eit håndkle.
Kl 11.00
Brett deigen 4-6 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.
Når deigen er ferdigstrekt skal den være elastisk, nesten litt fettete
Kl 13.30
Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, form til brød og la den kvile i 10 min.
Gjer klar hevekorga. dryss på godt med mjøl i korga. Ha i brødet du har formet og ha mjøli sidene og oppå deigen slik at det ikkje henger fast når du skal ha det over i det du skal steike det i.
La brødet heve natta over i kjøleskapet og steik neste dag. Eg dekka formen med eit håndkle og plast som var godt med mjøl på.
Satte i kjøleskapet kl 14.00
Dag 3 kl 9.30
Ha brødet oppi ei terrakottaform som er varm. Eg snitta brødet før eg tok det oppi forma.
Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig
Tomahawk entrecôte på grillen med snakemetoden. Då kan du grille på lav temperatur over lang tid, det blir nydelig kjøtt 🥰💕
For å lage snake begynner du med å legge grillbriketter etterkvarande tett i tett rundt halve grillen.så legger dei ny attmed den du allerede har lagt. Så legger du ein runde oppå dei to andre. Sett fyr på nokre briketter og legg dei attmed enden av snaken. Då brenn den sakte fra den eine enden og heilt rundt. Viss ikkje dette var godt nok forklart så kan du sjå filmer på nettet som viser korleis du gjer dette.
Tomahawk entrecôte, beinet veger jo litt så eg steikte to stk men det hadde vert mat til 2-3personer til 👍💕 tilsammen veide de 1,5 kg
Krydderblanding fekk eg fra Andreas Fleicher og det er enkelt. 3 ts pepper, 2 ts kvitløksgranulat eller to fedd kvitløk(eg brukte fedd) litt salt på slutten av steiketida.
Gni inn kjøttet med pepper og kvitløk.
Lag ein snake på grillen og legg kjøttet på. Saltet kjøttet rett før eg la det på direkte varme.
Grilla på lav varme i 4 timer. Dei siste ti min hadde eg kjøttet på direkte varme.
La kjøttet kvile 15-25 min før du skjærer i det.
Kjøttet var steikt medium/rare.
Veldig mørt og godt kjøtt.
Tilbehør:
steikt løk
Steikt sopp
Kokt brokkoli
Kvitløksdressing
PS:
Hadde mykje rester igjen av kjøttet. Skar det opp i biter og putta i fryseren. Dette blir god gryte ein anna dag.
Skjær den i 4 og ha det i salta vatn. Ha i ein klatt med smør og kok til kålen er mør, men med bitemotstand. Det tar ikkje mange minuttene og koke dette.