Brownie er alltid ein slager. Her har eg prøvd meg på ein variant med sukkererstatning og sukkerfri sjokolade. Eg laga ei lita kake denne gangen og steikte i airfryer. Det gjekk kjempefint
Ingredienser:
3 egg
180gr finesse bakesukker
225 gr smør
125 gr mel
1 ts vaniljepulver
35 gr kakao
100 gr mørk sukkerfri sjokolade
Framgongsmåte:
Ha alt det tørre i en bolle og røre rundt, bruk kjøkkenmaskin om du ynskjer.
Smelt smøret og ha sjokoladen oppi. Bland det sammen med det tørre
Ha i ett og ett egg og røre til du får ei glattrøre.
Helle denne over i airfryer som du har lagt bakepapir i botn på.
Sett airfryer på 150 grader og steik ca 15-20 min
TIPS:
Dersom du ynskjer å doble oppskrifta og steike den i ovnen bruker du ei form på 35 x 25 cm og steiker på varmluft 160°c i 30 minutter. La avkjøle godt før du deler opp.
Om du bruker vanlig farin dobler du sukkermengden i forhold til finesse bakesukker.
Dersom du ønsker ei lysere kake kan du bruke halvt om halvt med lys og mørk sjokolade.
Svinekjøtt i sursøt saus er en deilig asiatisk rett. Denne retten fekk eg oppskrift på av søster mi fra da ho budde i Singapore. Den er akkurat like god som på kinarestaurant. Kva grønsaker eg har i varierer. I dag vart det løk, gulrøtter og paprika da det var det eg hadde.Eg har brukt alternativt sukker denne gangen og smaken var like god🥰
Bland dette i kjøttet og la det marinere i minst 4 timer, kan godt stå natta over i kjøleskapet.
Saus
3 dl vatn
1 ss maizena
2 ss eddik
5 ss Sukkerfri ketchup
1 ts chillisaus
1 ts sesamolje
1,5 ss finesse bakesukker
Bland alt sammen og kok opp
Ha i løk,gulrot og paprikasom er woka
6 ss maizena blandes i kjøttet rett før steiking/fritering av kjøttet. Steik i olje til det er sprøtt. Legg på et fat med papir så det får renne av seg. Dekk fatet med et håndkle så der holder seg varmt. Rett før servering slår du sausen over kjøttet.
Eplekake er deilig no om hausten når me får tak i deilige norske epler. Eg var heldig å fekk epler hos svigermor 😁Denne fant eg i den gamle kokeboka mi der eg har skrive inn oppskrifter siden tidleg på 80 talet. Eg har laga med sukkererstatning. Kjekt å børsta støv av gamle oppskrifter
2 ss finesse bakesukker( dette er dobbelt så søtt så farin)
3 ts kanel
Framgongsmåte:
Smuldre smøret i melet. Tilsett vatn og salt. Arbeid deigen raskt sammen. Eg knadde lett sammen med hendene mine.
La deigen kvile 1/2 time i kjøleskapet.
Skrell eplene og ta ut kjernene.
Slå sammen egg, sukker, kanel og rømme i ei skål.
Kjevle deigen ut i ca 3 mm tykkelse og legg leiven i ei form på 26 cm. Deigen skal dekke bunn og sidene. Legg deigen dobbelt langs kanten om du har nok deig.
Stikk hull i botn med ein gaffel.
Strø på malte mandler og legg rosiner oppå.
Legg på eplene.
Til slutt heller du over fyll nr to
Sett ovnen på 200 grader og steik i 40 min på nest nederste rille i ovnen
Klippekrans med alternativt sukker. Har hatt veldig lyst på søt gjærbakst den siste tida. Siden eg må bruke sukkererstatning no så er dette mitt første forsøk med dette sukkeret i gjærbakst. Eg bruker finesse bakesukker som er dobbelt så søtt som vanlig farin.
Visp eggedosis av egg og sukker. Bland i den varme melka og ha i det tørre litt etter litt. ha i smøret i terninger og elt i 10-15 min etter at smøret er blanda i mjølet.
Forhev ca 1 time
Fyll
30 gr mjukt smør/melange (laktosefritt)
1,5 ss finesse bakesukker
3 ss Kanel
Bak ut ein rektangel og ha på mjukt smør, sukker og kanel. Rull ei pølse og lag ein krans. Klipp hakk i kransen og legg dei ei til kvar side så du får eit fint mønster.
Foccaia er deilig tilbehør til både koldtbord, supper og gryterett. Eg er i overkant glad i brødmat og foccaia er ein av favorittane.
Foccaiaen er best nysteikt og då er det lurt å lage ein liten porsjon når du berre er to i huset. Steikte denne i Cosori i ei lita rund ildfast skål ca 16 cm
Ha vatn i bakebolle og tilsett det tørre. La maskinen gå 10-15 min.
Hev til dobbel størrelse tar ca 1 time.
Ha deigen i ei lita ildfast skål på 22 cm.
Etterhev i 15-20 min og lag groper i deigen og ha på olje og fetaost og litt lev lettere spekeskinke.
Strø på flaksalt rett før du steiker.
Forvarm Cosorien
Steik brødet ved å trykke på brødikonet og sett tida på 20-25 min. Når det er ca 6-8 minutter tar du ut brødet og tar det ut av forma. Steik videre i 6-8 min med botn opp.
Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰🥰🥰🥰