T-bone steak på grillen

 

Eg fekk tak i ei lita t-bone steak på butikken. Eg hadde det på kullgrillen ned røykflis på low and slow🥩🥩🥩vart nydelig god smak.

  • 1 t-bone den eg steikte var 550 gr
  • Salt og pepper 2 ss sv kvar
  • Nøytral olje 2 ss
  • 1 kinesisk kvitløk eller to fedd. Rasp denne eller ha den i kvitløkspresse.
  • Bland sammen olje, salt, pepper og kvitløk. Gni kjøttet med blandingen.
  • Legg kjøttet  på grillen på inndirekte varme.  Eg brukte kolgrillen i dag. Lagde ein snake og hadde på røykflis for beef(weber).
  • Grillen var ca 100 grader
  • Grill i ca 1,5 time eller til kjøttet er 60 grader for medium stekt. Kortare tid om du ønsker den lite steikt.

Server med god salat, grilla poteter, grilla mais og grilla sopp og kvitløksdressing. Du kan og lage ein god saus til om du ønsker.

 

Middagsmeny veke 23

 

Middagsmeny veke 23

Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰 🥰

Veke 23👇👇👇👇

Mandag: komle med godt tilbehør

https://lailasmat.blogg.no/komle-med-godt-tilbehor.html

Tirsdag: Fish and chips

https://lailasmat.blogg.no/fish-and-chips.html

Onsdag : Tomatsuppe

https://lailasmat.blogg.no/hot-tomatsuppe.html

Torsdag:Steikt lysing

https://lailasmat.blogg.no/pannesteikt-lysing.html

Fredag:Tacokake

https://lailasmat.blogg.no/tacokake-med-kjottdeig.html

Lørdag: lun biffsalat

https://lailasmat.blogg.no/category/storfekjott

Søndag: grilla kylling

https://lailasmat.blogg.no/grilla-kylling-med-epler-og-deilig-krydder.html

Noko godt til kaffien:

https://lailasmat.blogg.no/jordbaersmuldrepaigluten-og-melkefri.html

Middagsmeny veke 22

Middagsmeny veke 22

Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰 Endeleg tilbake med middagsmeny til dåke🥰 denne veka går me for ein rein grillmeny🥰

Veke 22👇👇👇👇

Mandag:Baconsurra lyr

https://lailasmat.blogg.no/baconsurra-lyr-pa-grillen.html

Tirsdag:Grilla kjøttpølser

https://lailasmat.blogg.no/grilla-kjottpolser-med-godt-tilbehor.html

Onsdag:Svinerull med bacon

https://lailasmat.blogg.no/svinerull-med-bacon-og-deilig-krydder.html

Torsdag:Grilla laks

https://lailasmat.blogg.no/grilla-laks.html

Fredag: grilla kyllingklubber

https://lailasmat.blogg.no/grilla-kyllingklubber.html

Lørdag:Røykt scampi

https://lailasmat.blogg.no/roykte-scampi.html

Søndag: Grilla kjelår

https://lailasmat.blogg.no/grilla-kjelar.html

Deilig tilbehør til grillmaten

https://lailasmat.blogg.no/tilbehor-til-grillmaten.html

Litt søtt er og godt, denne er ikkje laga på grillen🥰

https://lailasmat.blogg.no/mandeldromlaktose-og-glutenfri.html

Sellerirot chips

Sellerirot chips. Dette vart eit godt alternativ til vanlig potetchips🥰 eg steikte i Cosori airfryer og det var kjempegodt.

  • 200 gr sellerirot

Vask godt og skjær i tynne skiver med ein mandolin, ostehøvel eller med ein skarp kniv.

Forvarm airfryeren til 115 grader.

Dypp bitene i vann og oljeblanding.

2 ss vatn og 3 ss olje.

Legg chipsen på bakepapir og steik i 10 min, ta ut bakepapiret og fordel chipsen. Steik videre i 15 min, rist litt på chipsen og steik videre nye 15 min.  Ta ut dei som er steikte og så steiker du videre 5 og 5 min til alt er steikt

Server med deilig dip til.

Grove vafler uten sukker

 

Grove vafler med natren sukker. I dag laget eg deilige grove vafler til styremøte i gardslaget. Eg erstatta vanlig sukker med natren.

Ingredienser

  1. 4 stk egg.
  2. 3 ss sukker. Eg brukte natren, 3 ss
  3. 5 dl skummet kulturmelk.
  4. 3 dl fullkornshvetemel.
  5. 1 ts bakepulver.
  6. 1 ts natron
  7. 1/4 ts salt.

Bland sammen dei tørre ingrediensene.

Visp sammen eg og sukker. Tilsett melka.

Rør inn det tørre.

Server med brunost, bar, syltetøy eller bare nyt de akkurat slik dei er uten noko pålegg på🥰

Middagsmeny påsken 2022

 

Middagsmeny veke 15

God påske til alle dåke som kikker innom lailasmat🐣

Her får dåke tips til middager i påskeveka.

Veke 15👇👇👇👇

 

Mandag Maretti er både enkelt og godt

https://lailasmat.blogg.no/maretti.html

Tirsdag blomkålsuppe

https://lailasmat.blogg.no/blomkalsuppe-med-kjottboller.html

Onsdag breiflabb med himmelsk saus

https://lailasmat.blogg.no/breiflabb-med-himmelsk-saus.html

SkjærTorsdag pinnekjøtt

https://lailasmat.blogg.no/pinnekjott.html

LangFredag lammegryte

https://lailasmat.blogg.no/lammegryte.html

Påskeaften biff på grillen

https://lailasmat.blogg.no/grilla-biff-med-peppersaus.html

1 Påskedag grilla kylling

https://lailasmat.blogg.no/heilgrilla-kylling-pa-rotisseri.html

2 påskedag utbeina lammelår

https://lailasmat.blogg.no/utbeina-lammelar.html

Påskekos anbefaler eg denne deilige franskinspirerte kaka

https://lailasmat.blogg.no/gateau-marcel.html

Grilla rotgrønnsaker med Kotteletter

Ovnsbakte grønsaker med Kotteletter. Eg grilla dette men det går fint å ha det på grillen👍

  • 1 pk rotgrønnsaker, pastinakk, beter og sellerirot var det som var i denne pakken.
  • 4 Kotteletter
  • Marinade
  • Salt og pepper til å strø over grønsakene ca 1 ts av kvar

Marinade

  • 2 appelsiner, safta
  • 4 ss olje
  • 1 ss røkt paprika
  • 2 ts pepper
  • 2 ts kvitløkspulver
  • 2 ts salt

Kutt opp rotgrønnsakene og strø over salt og pepper. Ca 1 ts av begge deler.

Pensle marinaden på kotelettene og legg dei oppå grønsakene. Slå over resten av marinaden. Til slutt har du på eit dryss med røkt paprika på Kottelettene.

Sett på grillen på inndirekte varme. Ca 200 grader i 20-40 min til grønsakene er møre.

Sjokoladekake uten egg

Sjokoladekake er alltid deilig. Her har eg laget kake uten egg. Laget i ei lita ildfast form.

Dersom du ynskjer ei større kake dobler du ingrediensene og steiker i langpanne som er 25*35 cm

Kakebunn

  • 4,5 dl kveitemjøl
  • 3,5 dl sukker
  • 2,5 ss kakao
  • 0,5 ss natron
  • 1 dl Melange( smelta)
  • 0,5 liter kefir
  1. sett ovnen på 175 grader
  2. Bland sammen dei tørre ingrediensene
  3. Tilsett Melange og kefir
  4. Kle/smør ei ildfast form eller kakeform 13,5*9,5 cm
  5. Hell røra i forma og steik midt i ovnen i ca 40 min. Bruk ein pinne til å sjekke om kaka er steikt
  6. Avkjøl før du har på glasuren

Glasur

  • 2 ss kakao
  • 0,5 ss vaniljesukker
  • 200 gr melis
  • 50  gr Melange
  • 0,25 dl melk
  1. smelt Melange
  2. Bland inn melk
  3. Bland inn kakao, melis og vaniljesukker
  4. Rør til du har ei glatt røre
  5. Smør dette over kaka og ha på strøssel om du ynskjer

 

Gateau marcel

 

For litt siden fekk eg smaka gateau marcel og denne kaka var både nydelig god og mektig. Dette er den perfekte kaka for alle sjokoladeelskere. Eg laget ein bringebær couli som tilbehør for å balansere sødmen i kaka.

  • 200 gr kokesjokolade
  • 200 gr smør
  • 200 gr sukker
  • 8 eggeplommer
  • 6 eggekviter
  • Smør og sukker til å smøre med
  • Pynt til kaka. Her kan du bruke sjokolade, kakao eller nokre fine makroner.
  1. smelt sjokolade og smør over vannbad
  2. Bland 2/3 deler av sukkeret med eggeplommer og pisk eggedosis
  3. Pisk eggekvitene til dei er stive. Tilsett sukker litt og litt til du får ein blank marengs
  4. Når sjokoladeblandingen har fått kjølt seg litt vender du den forsiktig inn i eggedosisen.
  5. Til slutt rører du forsiktig inn marengsen til røra er glatt.
  6. Smør springforma med smør og strø på sukker. Brukte ei som er 26 cm. Om du ynskjer ei høgare kake så går du ned til 24/22 cm
  7. Hell 2/3 av røra i forma og steik på 175 grader i 30 min. Kaka fell saman når du tar den ut av ovnen, det er slik det skal være.
  8. Resten av røra setter du kaldt
  9. Kjøl kaka ned før du har på resten av røra.
  10. La kaka stå kaldt over natta.
  11. Før du serverer strør du på pynt. Enten kakao eller raspa sjokolade

Middagsmeny veke 12

Middagsmeny veke 12

Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰

Veke 12👇👇👇👇

Mandag: Bondeomelett

https://lailasmat.blogg.no/bondeomelett.html

Tirsdag:Pasta med pølsesaus

https://lailasmat.blogg.no/pasta-med-polsesaus.html

Onsdag:Lys lapskaus

https://lailasmat.blogg.no/lys-lapskaus.html

Torsdag:Grilla laks

https://lailasmat.blogg.no/grilla-laks.html

Fredag: taco

https://lailasmat.blogg.no/taco-med-kjottdeig.html

vaffeldagen: trur vafler må bli fredagskos🧇

https://lailasmat.blogg.no/vaffeldagen.html

Lørdag:Grilla ribs

https://lailasmat.blogg.no/grilla-ribs.html

Søndag: Svinekotteletter i brun saus

https://lailasmat.blogg.no/koteletter-i-brun-saus.html