Kalkun står nok på bordet hos mange på nyttårsafta. Eg hadde tenkt å kjøpe eit kalkunbrystsiden me berre er to stk.Men dei hadde berre marinerte så det vart ein heil kalkun på oss. Her blir det mykje rester som eg kan bruke til salater, smørbrød og gryteretter 👍💝
Ca 4,5 kg kalkun
100-200 gr smør
Ta opp kalkunen fra fryseren 3 dager før du skal steike den. Eller om du har fersk legger du den i lake dagen før steiking
På dag to koker du lake og legger kalkunen i natta over.
Ta kalkunen ut av laken den dagen du skal bruke den og tørk av kalkunen
Lag ei lomme i skinnet til å putte inn litt stuffing og kaldt smør
Putt stuffing inni kalkunen og bitt opp beina
Pensle med kryddersmør på utsida
I steikeforma
1 stangselleri
1 kinesisk kvitløk
2 gulrot
10 cm purreløk
1 ts buljongpulver
1 l vatn
Kutt opp grønsaker og legg kalkunen oppå. Ha på vatn når du har satt den i ovnen.
Sett i ovnen på 240 gr i 45 min
Sett ovnen ned på 120 grader og steik til kalkunen når 70 grader
La kalkunen kvile minst 20 min etter at du har tatt den ut av ovnen
Lake
vatn og salt 5 l vatn og 5 dl salt
3 ss Heil pepper
5 Lauberblad
1 ts chilliflakes
1 Løk
1 Klementin
1 appelsin
Saus
innmaten som du finner inni kalkunen
Løk
Gulrot
Selleristang
Ta innmaten ut og kutt opp grønsakene. Svi dei litt i panna før du har på vatn. Kok i to timer.
2 ss smør
2 ss mjøl
8-10 dl kraft
Brun smør og mjøl til det er brunt.
Spe me krafta og steikesjyen, smak til med salt og pepper.
Til slutt har du oppi ein liten fløyteskvett, ca 1 dl og kok opp.
Kryddersmør
150 gr smør
1 ss salt
3 ts pepper
2 ss paprika
Stuffing
2 epler
1 gul løk
2 klementin
1 kvitløk
3 ss kryddersmøret
Kutt opp epler og løk og bland inn smøret med krydder.
Ein grateng kan fylles med både fisk, pølse,kjøtt og grønsaker. Denne gangen vart det klippfisk og salt flesk. Denne varianten var veldig god og eg er egentlig ikkje så glad i gratenger😁
Nonstop og peanøttsnacks. Eg hadde tre eggeplommer igjen etter at eg lager vepsebol. Da vart det trylla fram ei ny oppskrift på deilig julesnop. Litt salt og søtt er godt det.
Tida går snart fram mot jul🎄 Denne veka blir det ikkje middagsmeny, men kvar dag denne veka kjem eg med tips på godsaker du kan lage til jul🎄 Dét kjem både saltmat og søtmat.