Lun makaronisalat med kylling

Makaronisalat med rester  av grilla kylling. Enkel og god restemat servert med kvitløksbrød🥰

  • 1/2 grilla kylling
  • 4 dl makaroni(tørr)
  • 1 eple
  • 2 ss Fetaost
  • 2 ss olje fra fetaosten
  • 2 vårløk
  • 1 rødløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 2 ss sitronsaft
  • 1 ss kyllingkrydder

Kok makaroni etter anvisning.

Skjær opp kylling og steik litt på panna.

Kutt opp løk, kvitløk og vårløk, fres den lett i panna i to minutter.

Bland kyllingkrydder og sitron i olja fra fetaosten.

Kutt opp eit eple og ha i til slutt.

Makroner

Når barnebarnet mitt ville ha makroner til 17 mai🇳🇴 Ja då prøver besto å overvinne skrekken for makroner😍😍😂 Eg har brukt Sverre Sætre si oppskrift på makroner.

Mange fyll til makroner er med smør og det er ikkje eg så veldig glad i så her er fylla uten smør og med ferske bær, dette vart friskt og godt

  • 130 gr mandelmjøl
  • 170 gr melis
  • 80 gr sukker
  • 100 gr eggekviter
  1. Bland melis og mandelmjøl i ein foodprocessor til eit fint mjøl. Sikt mjølet slik at det er heilt fritt for klumper.
  2. Pisk eggekviter og sukker til marengs og vend inn mandelmjølet med ein slikkepott.
  3. Røra skal ikkje være tjukk, da vil den ikkje renne fint utover. Er røra for tjukk så rør litt meir i den så blir den tynnere
  4. Ha røra i ein sprøytepose. Sprøyt ut små rundinger på eit silikonmatte eller bakepapir. Ha litt mellomrom mellom makronene, dei sklir litt ut.
  5. Når brettet er fullt så dunker du det litt i benken slik at makronene faller litt utover og blir glatte.
  6. La dei tørke i 30 min
  7. Steik på 130 grader 15-20 min
  8. Avkjøl makronene på brettet.

Fyll

Bringebærfyll

  • 100 gr bringebær
  • 75 gr sukker
  • 2 ts sitronsaft
  • 1,5 ts gelatinpulver
  1. Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
  2. Mos sammen bringebær, sukker og sitron
  3. Ha blandingen i ein kjele og kok opp
  4. La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
  5. Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
  6. Rør godt og sett til avkjøling

Bjørnebærfyll

  • 100 gr bjørnebær
  • 75 gr sukker
  • 2 ts sitronsaft
  • 1,5 ts gelatinpulver
  1. Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
  2. Mos sammen bjørnebær, sukker og sitron
  3. Ha blandingen i ein kjele og kok opp
  4. La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
  5. Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
  6. Rør godt og sett til avkjøling

Dersom du lager fleire fyll så reduser mengden, det er nok med 100 gr bær til denne oppskrifta.🥰 eg lagde for mykje

Tips

Du kan farge makronene med gelefarge, pulverfarge eller frysetørre bringebær eller kakao.

Kvitløksmajones

Majones er noko eg aldri har prøvd meg på før. Her hadde eg eggeplommer og litt eggekvite igjen etter at eg  baket makroner.

  • 4 eggeplommer
  • 1/2 eggekvite
  • 2 ts dijonsennep
  • 1/2 ts salt
  • 2-3 dl olje
  • 1 kvitløksfedd
  • 1/2 ts chilliflakes
  • 3 ts sitron

Ha alt oppi ein beholder utenom olje.

Kjør stavmikseren litt før du sper forsiktig med olje til det begynner å stivne. La den stå i kjøleskapet til neste dag så smaken får satt seg litt 💕

Middagsmeny veke 21

Middagsmeny veke 21

Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det liker eg 🥰💕

Mandag: restelapsksus

 

https://lailasmat.blogg.no/restelapskaus.html

Tirsdag: fiskesuppe med torsk

https://lailasmat.blogg.no/fiskesuppe-med-torsk.html

Onsdag:Ovnsteikte grønsaker med koteletter

https://lailasmat.blogg.no/ovnsteikte-gronsaker-med-nakkekoteletter.html

Torsdag: grilla honningmarinerte svinefilet

https://lailasmat.blogg.no/grilla-indrefilet-av-svin-honningmarinert.html

Fredag: kyllingklubber på grillen

https://lailasmat.blogg.no/grilla-kyllingklubber.html

Lørdag:Spekemat

https://lailasmat.blogg.no/spekemat-mer-godt-tilbehor.html

Søndag:heilgrilla entrecôte

https://lailasmat.blogg.no/heilgrilla-entrecote.html

Asiatisk inspirert marinade

Ein deilig marinade til grillinga di. Lager du denne i dag og legger kjøttet i, så får du nydelig grillmat i morgon. Kan brukes til alle typer kjøtt og sjømat.

Marinade

  • 6 ss nøytral olje
  • 1 ss Salt
  • 1/2 Chilli fersk
  • 1 Kinesisk kvitløk
  • 1 ss raspa Ingefær fersk

Lag marinaden ferdig og legg kjøttet i ei skål. Slå marinaden over, la det stå minst 4 timer. Men natta over i kjøleskapet er allerbest

Knekkebrød

Knekkebrød, Laila Økland er enkelt å lage sjølv og det smaker heilt vidunderlig.

3,5 dl sammalt rug

3,5 dl havregryn

1,5 dl sesamfrø

2 dl solsikkefrø

1 dl linfrø

1 dl kli

1 del valnøtter

1 ts salt

Putt alle ingrediensene i ein kjøkkenmaskin

1ts honning

7 dl vann

Bland honningen saman med vannet og hell oppi saman med resten av blandingen og bland godt.

Ta deigen og fordel utover to steikebrett slik at dei fyller heile brettet. Sett i ovnen på 180 grader i ca 10 min. skjær de to store knekkebrødene i passe stykker med ein pizzaskjærer el.

Sett tilbake i ovnen og stek i 30 min.

Legg knekkebrødene på ei rist og sett dei inn i ovnen med døra open i ca 15 min, eller til dei er sprø

Amerikansk gryte

Amerikansk gryte på rester fra  grilling av oksekjøtt.

Satt igjen med ein del oksekjøtt som eg gjorde om til deilig gryterett. Denne lagde eg i crock pot men det går heilt fint å bruke ei gryte.

  • 350 gr oksekjøtt, ytrefilet kan og bruke karbonadedeig
  • 1 gul løk
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 2 dl jasminris
  • 1 rød paprika
  • 2 dl amerikansk blanding
  • 1 bx knuste tomater
  • 1 l vatn
  • 2 ss tomatpuré
  • 1 ss brunt sukker
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 ts kumin
  • 1 ss paprikapulver
  1. Brun kjøttet og legg på eit fat.
  2. Bland sammen krydderet og brun dette lett i panna. Tilsett tomatpuré, løk og kvitløk og fres i 3 minutter.
  3. Ha kjøttet i crock pot eller ei gryte. Ha i vatnet og krydderblandingen. Tilsett grønsaker og knuste tomater.
  4. Kok gryta i ca 1/2 time.
  5. Kok risen og tilsett denne i gryta rett før servering.
  6. Tilsett vatn i gryta om den er for tjukk

Surdeigsbrød med samalt kveite


Så var eg på surdeigskjøret igjen. I dag har eg laget eit brød med sikta kveitemjøl og samalt kveitemjøl. Dette må eg sei er det brødet som er mest vellykka. I morgon blir det ny baking med litt andre ingredienser og fremgangsmåte🥰

Oppskrift

  • 100 gr samalt kveite
  • 300 gr Sikta kveitemjøl
  • 340 gr Vatn
  • 16 gr Salt
  • 100 gr Starter av sikta kveitemjøl

Dag 1

Ta fram surdeigstarteren din og la den stå på benken natta over.

Dag 2

Mat starteren med 50 gr kveitemjøl og 50 gr vatn.

Autolyse 1-2 timer👇

  • 100 gr samalt kveitemjøl
  • 400 gr kveiteMjøl
  • 340 gr Vatn

Bland sammen og la det stå på benken 1-2 timer. Bland dette godt slik at det ikkje er noko mjøl igjen i bolla. Og sett tilside i 1-2 timer. Skriv kl slett på plasten du dekker til bolla med.

Bland sammen:👇

Ha i 100 gram fra starteren din og saltet. Bland det godt slik at alt saltet er godt blanda med deigen. Når du har blanda godt så jobbet du videre med deigen ved å ta hånda di under deigen og snur rundt og rundt og rundt. Dette gjer du til deigen er god og smidig. 5-10 min. Dette er for å opparbeide gluten i deigen.

Strekk og brett👇

Sett deigen tilside med plast over. Skriv på kl slett, du skal no strekke og brette kvart 30. Min. Strekk og dra i deigen, gjer dette heile veien rundt bolla og når du er komt rundt snur du deigen med brettekanten ned i bolla. Deigen skal være lett å dra opp og brette, dersom du ikkje klarer å strekke deigen så sett deigen i ro igjen og gjer eit nytt forsøk etter nye 30.min

Du gjentar dette kvart 30.min 4-6 gonger.

Forming av brødet:👇

Ha deigen på benken med mjøl på. Når du tar deigen ut av bolla skal den sida som er nederst i bolla vende ned mot bordet.

Strekk ut deigen og form brødet. Du bretter deigen sammen som ein konvolutt og strammer godt slik at brødet held forma. Legg bolla over og la den ligge nye 10 min.

Brett deigen igjen og legg deigen i hevekorga. Løft opp deigen og la den brette seg under deigen, gjer dette heile veien rundt. Stram deigen ved å snurre den rundt og rundt. Vær forsiktig så du ikkje slår lufta ut av deigen. Brettsiden skal være opp i korga

Dersom du ikkje har slik fancy korg så bruker ei bolle med eit håndkle oppi. Sett deigen til heving 12-16 timer. Skriv kl slett på plasten slik at du har kontroll på kor lenge den har stått til heving i kjøleskap.

Dag 3

Sett ovnen på 250 grader og sett inn forma/gryta sammen med lokket. La det stå minst 1/2 time

Ha frø i botn av gryta/ forma. Ha brødet forsikt oppi, med toppen ned i gryta. Lag snitt i brødet og dusje det med vatn, ta på lokket og sett inn i ovnen på nederste rille.

250  grader i 30 min med lokk

240 grader i 10 min med lokk

240 grader uten lokk i 20-30 min

Grillribbe i biter med deilig marinade

Marinerte svineribbe. Denne kan du marinere og fryse i porsjoner. Då har du lett tilgjengelig middag.

  • 1 svineribbe
  • 3 ss ketchup eg brukte heintz
  • 2 ss røkt paprika
  • 2-3 ts salt
  • 2 ts pepper
  • 2 ts kvitløkspulver
  • 2 ts løkpulver
  • 2 ss brunt sukker
  • 1/2 sitron
  • 1,5 dl olje eg brukte vitago

Skjær opp ribba i biter etter at du har fjerna bein og svor. I denne ribba var det kun 1 lite bein 🥰svoren skal eg lage baconsnacks av.

Legg den oppskjærte ribba i ei skål. Ha på krydder, sukker,olje, sitron og ketchup. La det stå på benken 4 timer.

Legg kjøttet på grillen på inndirekte varme, grille det i 60 min på 100 grader og 180 grader 1 time. Dei siste 5 min har du kjøttet på direkte varme for å få steikeskorpe.

Eg serverte med dampa blomkål, kokt ris og kvitløksdressing.

Heilgrilla entrecôte

 

 

Årets grilldag som var lørdag 9 mai måtte selfølgelig feires med noko nydelig grillmat. Her hos meg vart det heilgrilla entrecôte med fløtegratinerte poteter, steikt løk, brokkoli og peppersaus 😁😁

Potetene

  • 5 store poteter
  • 3 dl fløyte
  • 1 ts pepper
  • 2 ts salt
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 150 gr Raspa ost

Kutt opp poteter og ha dei i ei panne med salt, pepper og kvitløk. Kok opp og la det syde i 10 min. Ha alt i ei ildfast form og strø på ost og sett det på grillen.   

Eg griller den på inndirekte varme ca 200 grader i ca 1 time.

Entrecôte

  • 1 heilt entrecôte
  • Salt
  • Pepper

Gni kjøttet inn med salt og pepper og legg på grillen med steiketermometer. Steikte på inndirekte varme, til slutt legger eg det på direkte varme for å få steikeskorpe. Du steiker til det når den varmen du ønsker.

Du griller på 100 grader i 1 time

200 grader i 1 time

Så har du på direkte varme i 5 min

La kjøttet kvile 15-20 min

Tilbehør