Det er no ei veke siden eg sådde frø til kjøkkenhagen min. Eg var spent på om det kom til å bli noko ut av det. Men som dåke ser er det mange frø som har begynt å spire. Akurken og chillien har ikkje begynt å spire enda så me får no sjå om dei vil komme seg. Blir spennande dette utover våren og sommeren og sjå korleis det går framover.
Sitron og jorbærfromasj. Dette er noko eg har tenkt lenge på å lage.Eg måtte prøve denne ut på familien min før eg kan servere til kollegaer når eg får teamet mitt på besøk😇😇
Steikt Dumle karameller. Det høyrest litt rart ut, men dette blir krispi dessertkjeks som du kan ha til for eksempel is eller som eg hadde til fromasj🥰🥰🥰
Dumle
195 grader varmluft
Hadde to brett med 9 på kvart brett
Ca 8 min
Dette har eg sett på Facebook og måtte berre prøve😇 Skal ha som crisp til ein dessert 🤣🥰
Kjøkkenhage har lenge vert ein plan for meg. Eg fekk drivhus til bursdagen ifjord, men forseint til å få planta noko. No håper eg at eg kan få litt grønsaker denne sommaren. Eg har sådd inne så blir det spennande om dette blir til noko 🤣🤣🤣 oppdatering kjem etterkvart 🥰